Påminning: Inviterer til konkurranse om mat til eldre

Statsråd Sylvi Listhaug har sett i gang ein landsomfattande mat- og måltidskonkurranse der alle sjukeheimar i landet blir inviterte til å delta. Konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk" ønskjer å bidra til auka matlyst og god atmosfære rundt måltida.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2015

Landbruks- og matdepartementet (LMD) legg vekt på behovet for auka merksemd for temaet eldre og ernæring. Årsaka er at enkelte eldre bebuarar ved institusjonar er i risikosona for underernæring. Formålet med konkurransen er å framheva kor viktig maten og måltida er for god helse og trivsel. Respekt for maten og måltida inkludert medverknad frå brukarar og pårørande, er konkurransen sitt hovudfokus.

Lokal jury

Det skal gjennomførast fylkesvise konkurransar der det skal kårast ein fylkesvinnar. Fylkesmannen i Rogaland er ansvarleg for gjennomføringa av konkurransen her i fylket. Det er nedsett ein jury med tverrfagleg kompetanse og erfaring. Det skal vidare kårast ein nasjonal vinnar blant fylkesvinnarane. Det skjer i november.

Ein avgrensa periode

Konkurranseperioden er sett til 1. september – 30. september, og bidraget skal sendast til fmro.matlyst@fylkesmannen.no.

Tida fram til innsending kan sjukeheimane bruka til førebuing og planlegging av deltakinga si, gjerne i samarbeid med kommunalsjefar/einingsleiarar.

Sjå vedlegga for meir detaljert informasjon om opplegget og kriteria med meir.

Lokal premie

Premien til fylkesvinnaren frå Rogaland er ei innovativ måltidsoppleving på Måltidets Hus for representantar frå kjøkken- og pleiepersonalet. Det blir gode smakebitar frå Rogaland sitt matfat, forskinga si verd og lokale innovasjonar, men også erfaringsutveksling om framtidsretta måltidsløysningar for eldre i institusjon. Premien er eit samarbeid med NCE Culinology. Vinnaren får i tillegg eit diplom med statsråden si underskrift.

Kontaktperson

Måltidets Hus AS har teke utfordringa gitt av Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune for å følgja opp Rogaland sin innsats i denne konkurransen.

Kontaktperson er Kari Birgitte Melvær Wiig, tlf. 474 08 958.

Vi håper på stor deltaking frå sjukeheimane i Rogaland!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.