Bank og midlar til forvaltning

Oppdatert 06.02.2024

Dersom verjehavar har midlar og finansiell eigedom over ein bestemt verdi, er hovudregelen at Statsforvaltaren skal forvalte midlane. Verjehavar skal samtykke til slik forvaltning så sant ho eller han er i stand til å forstå kva eit slikt samtykke betyr.

Grensa for når Statsforvaltaren pliktar å forvalte midlane, er sett til eit beløp lik to gonger grunnsummen i folketrygda (2 G).

Midlar som Statsforvaltaren forvaltar, skal plasserast på konto i bank. Det er bestemt i verjemålslova at det ikkje er høve til å spare i fond eller liknande. Statens sivilrettsforvaltning, som sentral verjemålsmynde, forhandlar frem avtaler og vilkår for innskot.

Det er verja sitt ansvar å velje mellom de ulike bankane og dei ulike vilkåra. Sivilrettsforvaltninga har oversikt over bankar og kontoalternativ. Verja melder frå om val av bank til Statsforvaltaren via eige skjema som du finn i skjemaoversikta hos Sivilrettsforvaltninga.

Dersom det er skrive ein avtale, eit gåvebrev eller eit testament som bestemmer at midlane ikkje skal forvaltast av Statsforvaltaren, må vi så raskt som råd få melding om dette.

Inntekt ogmidlar som tilhøyrer mindreårige

I utgangspunktet skal Statsforvaltaren forvalte alle verdiar som barnet eig, som til dømes fast eigedom, pengar på bankkonto, verdipapir eller kontantar. Dette gjeld uavhengig av korleis barnet har fått midlane – om det er i form av arv, gåve, vinstar, forsikringsutbetalingar eller på anna måte. Det avgjerande er at den mindreårige eig midlane. Forvaltninga varer normalt frem til barnet blir myndig, det vil seie 18 år.

Verjer for mindreårige kan søkje Statsforvaltaren om uttak og bruk av midlane. Dersom barnet er over 12 år, skal han eller ho få uttale seg om bruken av midlane og eventuelle uttak.

Midlar som ikkje blir forvalta av Statsforvaltaren, skal som hovudregel bli tekne hand om av verja. Det er likevel unntak. Mindreårige over 15 kan sjølv inngå arbeidsavtale. Dersom Statsforvaltaren samtykkjer, kan mindreårige over 15 år også drive næringsverksemd. Den mindreårige disponerer sjølv pengar som er tente gjennom arbeid eller næringsverksemd og over pengar som verja har gitt den mindreårige tilgang til. Det same gjeld pengar som til dømes lommepengar.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.