Introduksjonsprogrammet

Oppdatert 16.01.2024

Målet med introduksjonsprogrammet er å gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning.

Kven kan delta i introduksjonsprogrammet?

Innhald i programmet

Kommunens ansvar

Tilsyns- og klageinstans 

Kven kan delta i introduksjonsprogrammet?

Målgruppa er personar mellom 18 og 55 som:

  • har fått asyl og dermed status som flyktningar
  • er overføringsflyktningar
  • har fått opphald på humanitært grunnlag etter ein søknad om asyl
  • er familiegjenforeina til gruppene som er nemnde ovanfor
  • er personar som etter samlivsbrot har fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet

For personar som har fått opphaldsløyve før 1. januar 2021, gjeld framleis introduksjonsloven fra 2003.

Iintegreringslova gjeld for:

  • personar som har fått opphaldsløyve etter 1. januar 2021
  • personar som har fått opphaldsløyve før 1. januar 2021, men kom til Noreg etter 1. januar 2021

Innhald i programmet

Introduksjonsprogrammet er individuelt tilpassa kvalifisering på fulltid, og målet er å styrkje moglegheitene for deltaking i yrkes- og samfunnsliv for innvandrarar, og dessutan å styrkje deira økonomiske sjølvstende. Deltaking i programmet gir rett til introduksjonsstønad. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde

  • opplæring i norsk
  • opplæring i samfunnskunnskap
  • kurs i livsmeistring
  • arbeids- eller utdanningsretta element

Deltakarar som har barn under 18 år skal delta på kurs i foreldrerettleiing. Det same gjeld deltakarar som får barn i løpet av programmet.

Kommunens ansvar

Kommunen har plikt til å syte for introduksjonsprogram til nyankomne innvandrarar som er busette i kommunen og som er i målgruppa. Introduksjonslova gir samstundes kommunane ei rettsleg ramme i integreringsarbeidet. Retten til deltaking i introduksjonsprogram gjeld berre i den første busettingskommunen.

Tilsyns- og klageinstans

Introduksjonslova og integreringslova inneheld fleire føresegner om enkeltpersonars rettar og plikter. Statsforvaltaren er klageinstans for vedtak etter desse føresegnene. Det betyr at du kan klage på vedtak som gjeld deg sjølv og som omhandlar:

  • tildeling av introduksjonsprogram, introduksjonsstønad og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • vesentlege endringar i integreringsplan eller norskplan
  • stopp i introduksjonsprogrammet eller i opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • permisjon
  • trekk i introduksjonsstønaden med 50 prosent eller meir av ei enkelt utbetaling

For at kommunen som har fatta vedtaket skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen til kommunen. Dersom kommunen verken opphevar eller endrar vedtaket, men opprettheld det, blir dokumenta i saka sende vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og tek ei endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren fører dessutan tilsyn med kommunens forvalting av introduksjonslova og integreringslova. Målet er å sørge for at alle kommunar oppfyller lovas minstekrav i ordningane. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 29.01.2019, Sist endra 18.08.2021

Avspasering i introduksjonsprogrammet

Avklaringer rundt avspasering i introduksjonsprogrammet