Samfunnstryggleik og beredskap

Oppdatert 06.03.2023

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

27.02.2023

Samfunnstryggleik i arealplanlegginga - oppdatert sjekkliste

Vi har laga ei oppdatert sjekkliste, som kan tene som utgangspunkt for ROS-analysar i mindre/enkle arealplansakar.


27.02.2023

Naudvarsel på mobil – eit nytt varslingssystem

Naudvarsel på mobil er eit nytt varslingssystem frå myndigheitene. Politiet og/eller Sivilforsvaret avgjer i kva område folk skal få varsel, og sender ut sjølve varselet.


23.02.2023

Opne trussel- og risikovurderingar for 2023

Trussel- og risikovurderingane er i år prega av krigen i Ukraina, og ein fundamentalt endra relasjon mellom Russland og vestlege land, inkludert Noreg.
Her kan du lese meir om vurderingane til Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonal tryggingsmynde. 


29.10.2022

Ver budd – ha eit lite beredskapslager heime!

Dei siste åra har kriser komme tett på oss. Pandemi. Krig i Ukraina som gir ringverknader i Europa og Noreg. Dette gjer at eigenberedskap kjennest særleg aktuelt i år.


24.10.2022

Besøk av sjefen for Heimevernet i Norge

Mandag 24.10 fekk Statsforvalteren besøk av sjefen for Heimevernet i Norge, generalmajor Elisabeth Michelsen saman med oberstløytnant Knut Are Bakke, distriktssjef i Møre og Fjordane heimevernsdistrikt.

 


18.10.2022

Har du spørsmål knyttet til atomsikkerhet og beredskap

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), er fag- og forvaltningsmyndigheit på området strålevern, atomtryggleik og ikkje-spreiing, radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.


23.06.2022

Ukrainske flyktningar kan registrere opplysningar om moglege krigsbrotverk hjå politiet

Kripos ber kommunar og andre som er i direkte kontakt med ukrainske flyktningar om hjelp til å nå ut med informasjon om korleis dei kan melde inn opplysningar om krigsbrotsverk i Ukraina.


01.04.2022

Kommunane i fylket jobbar godt for å ta imot flyktningar

– Kommunane har snudd seg rundt. Alle seier at dei ønsker å hjelpe flyktningane frå Ukraina og at dei skal få dette til, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.


25.03.2022, Endra 28.09.2022

Krigen i Ukraina

Urolege tider fører til mange spørsmål. Her har vi samla nokre av dei mest sentrale kjeldene til oppdatert informasjon om den spente situasjonen i Europa – og korleis dette kan påverke oss. 


18.03.2022

Ny podkast: Vårt møte med krigen i Ukraina

Vi tar opp aktuelle tema i møte med krigen i Ukraina: tryggleik og beredskap, landbruk og matsikkerheit. Og så stiller vi spørsmåla: Korleis tar vi imot flyktingar og flyktningbarn i Norge? Og korleis snakkar vi med våre eigne barn om krigen? 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel