Nytt toppleiarkurs i totalberedskap: «Forstå di tid!»

Viser dei tre leiarane som står på Setnesmoen i vintervær og låg sol over fjella.
Politimeister Ingar Bøen, statsforvaltar Else-May Botten og distriktssjef for Møre og Fjordane, HV 11, Richard Moen, samarbeider for å gi leiarar i Møre og Romsdal kunnskap om tryggleik og beredskap. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tar, i samarbeid med HV-11 og Møre og Romsdal politidistrikt, dagens situasjon på alvor. Dei har laga eit nytt totalberedskapskurs for toppleiarar. Møre og Romsdal går i front!

Publisert 09.02.2024

Vi lever i ei uroleg verd. Truslane er mange og komplekse. Endringane skjer raskare enn nokon gong. Det er utfordrande å vere leiar, sjå det store samfunnsbildet og korleis det påverkar din bedrift, din statsetat eller din kommune. Gårdagens løysingar kan gå fort ut på dato. Nå må vi lære av fortida, forstå nåtida og rigge oss for framtida, seier statsforvaltar Else-May Botten.

Kompetanse til å sjå vår situasjon

Totalberedskapskurset skal gi kunnskap om nettopp dette. Dagens situasjonsbilde blir sett opp mot kvar enkel leiar si utfordring.  

– Vi må vere frampå og bidra til at leiarar har dei rette planane, øver på det som er relevant og har dei rette verktøya. Då står vi rusta for den tida vi lever i, og er klare for det som måtte kome.

Statsforvaltar Else-May Botten tok i haust Sjefskurset på Forsvarets høgskole. Der fekk ho ideen om å lage eit tilpassa kurs regionalt. 6. februar vart invitasjonane til kurset sendt ut til toppleiarar i heile fylket. Leiarar frå både offentleg og privat sektor er invitert inn.

– Det er viktig at vi lærer av kvarandre og kan samarbeide med kvarandre. Vi har sett av 30 kursplassar på Setnesmoen i Åndalsnes. Vi håper å få ein god miks av kompetente toppleiarar, seier Else-May Botten entusiastisk.

Politiet er med

Politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen, synest at ideen er god. Han ga tommel opp for å vere med på kurset.

– Vi ser eit klart behov for auka kompetanse om beredskap hos toppleiarar. Dei har alle eit stort ansvar, og tida er inne for å oppdatere og byggje kunnskap om nåtidas utfordringar og om forventa leiarskap som kan leie trygt i urolege tider.

Han meiner at beredskapssituasjonen i dag er klart meir krevjande enn på lang tid.

– Kvar bedrift må sette seg inn i den store samanhengen, og vere vakne. Dei må stille seg sjølv spørsmål om vala dei tek, og ha forståing for konsekvensane på tryggleik og beredskap.

Mange ulike trugslar

Statsforvaltar Else-May Botten seier at bedrifter og deira tilsette kvar dag er utsett for ulike trugslar, små som store.

– Teknologien bedriftene bruker kjem gjerne frå andre land og aller helst frå austlege land. Kva for konsekvensar kan det ha for framtida, spør ho.

Kunstig intelligens

Bøen og Botten nemner kunstig intelligens, KI, som kan gjere ei bedrift meir effektiv. Dei spør også kva som er utfordringane med å ta KI i bruk.

– Kan nye produkt bli misbrukt? Korleis skal vi oppdage utfordringane og lage oppdaterte køyrereglar for innkjøp, handelspartnarar og ikkje minst bedriftseigarar?

– Alle leiarar sit med mykje ansvar. Vi ønsker å vere med på å styrkje kunnskapen og kriseforståinga deira, ved å støtte opp om dette viktige kurset, seier Ingar Bøen.

I rett tid

– Dette kurset kom som bestilt, meiner Richard Moen. Han er HV11 sin distriktsjef i Møre og Fjordane.

Han viser til auka forsvarsfokus. Noreg er mottaksland for dei allierte, noko som vert ytterlegare forsterka no som Finland, og snart Sverige, er medlemmar i NATO.

– Forvarskomisjonsrapporten og totalberedskapsrapporten frå i fjor sommar, og det at langtidsplan for forsvaret skal bli vedtatt på Stortinget til sommaren, er andre gode grunner til at kurset er aktuelt, meiner han. Moen seier det er viktig at aukande trugslar blir møtt med auka motstandsdyktigheit.

– Vi som samfunn må betre forstå at morgondagen ikkje blir som gårdagen. Vi må lære av gårdagen, og samstundes ha kunnskap som gjer oss toppleiarar i stand til å leie i morgon.

Setnesmoen blir kursstad

– Vi vil vere vertskap for toppleiarkurset og ser fram til å ønske kursdeltakarane velkommen til Setnesmoen! Kurset vil bygge opp om deltakaranes eigen utvikling, men også bygge samarbeid på tvers. Ei relevant øving blir avslutning på det heile. For det er ikkje nok med gode planar, vi må lære oss å ta dei i bruk, avsluttar Richard Moen.

Aktørar med stort ansvar

Statsforvaltar Else-May Botten meiner at vi treng gode rammer og planverk, som står seg i fredstid, i krisetid og i krig, for å bygge eit motstandsdyktig samfunn.

– I vår tid skjer endringane raskt. Det er vanskeleg å sjå kva som kjem som utfordring i morgon. Derfor må vi byggje totalberedskapen vår. Då vil vi som samfunn, beredskapsaktørar, toppleiarar og den enkelte stå mykje sterkare om krisa eller krigen treff, meiner ho.

Ho viser til at også kvar enkelt innbyggar må sørgje for eigenberedskap, og kunne klare seg i tre dagar utan straum og vatn.

Nå er det alvor!

Totalberedskapskommisjonens rapport, som blei lagt fram sommaren 2023 hadde tittelen «Nå er det alvor!».

– Det gir oss klare signal om at vi må ta grep som styrker beredskapen til den enkelte og til fellesskapet. Og at auka kriseforståing er svært viktig. Då er vi i stand til å møte ei meir krevjande tid på tryggast mogleg måte, avsluttar statsforvaltar Else-May Botten.