Prosjekt Reinare fjord Ålesund

Ålesund med Aspevågen. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Aspevågen ved Ålesund er eit av dei 17 prioriterte hamneområda i den nasjonale handlingsplanen for opprydding på forureina sjøbotn. Ei rekke undersøkingar viser at hamna er sterkt forureina med tungmetallar, organiske miljøgifter, PAH-forbindingar og tributyltinn (TBT).

Publisert 14.03.2024

Rambøll har utarbeidd ein tiltaksplan for opprydding i dei forureina sedimenta. Prosjektet har som utgangspunkt at det skal ryddast i dei mest forureina delane av vågen, som mellom anna omfattar det meste av strekket frå Kvennaneset i vest til Volsdalsvågen i aust.

Miljømål

Ålesund hamn skal verte eit attraktivt område for rekreasjon og friluftsliv utan synlege teikn til forureining. Det skal ikkje vere uakseptabel risiko knytt til å nytte områda til rekreasjon og friluftsliv, fisking og bading inkludert. Samstundes skal området fungere som eit aktivt hamneområde med moglegheiter for utvikling av hamnetilbuda i regionen.

Gjennom vassdirektivet og vassforskrifta har Noreg forplikta seg til å jobbe for at alle vassområde skal ha god miljøtilstand. Måla for Aspevågen vil vere at området skal ha "god kjemisk tilstand" og "godt økologisk potensial". Tilstandsklasse i sedimenta i tiltaksområdet skal vere klasse III ("moderat forureining") eller betre.

Tiltaksmetode

Tiltaksmetode vil for det meste vere tildekking av forureininga med eit minst 30 centimeter tjukt lag med tildekkingsmassar. Tildekkinga vil isolere miljøgiftene slik at dei ikkje lenger vil utgjere ein risiko for folk og miljø. Mudring (opptak av forureina massar) vil vere naudsynt i eit mindre, svært sterkt forureina område nær Ysteneset. 

Verdiar i Aspevågen: Rekreasjon, fiske og viktig torskebestand

Aspevågen er mykje nytta av innbyggjarane i Ålesund til rekreasjon og fritidsaktivitetar heile året og til fiske. Oppryddinga skal gjeve eit sunnare liv i sjøen, og mindre risiko for skadelege miljøgifter i fisk og skalldyr.

Aspevågen er del av gyteområdet til den kjende borgundfjordtorsken, som reknast som reknast som eit nasjonalt viktig gytefelt. Borgundfjordfisket har lange tradisjonar i området.

Det er òg verdfull tareskog i Aspevågen, som kan fungere som oppvekstområde for ulike fiskeartar. I tillegg er det yngleområde for sjøfugl i tilknyting til fleire holmar i vågen.

Statsforvaltaren si rolle i prosjektet

Statsforvaltaren deltek inn i prosjektet med erfaring og kunnskap om forureining og miljø.

Statsforvaltaren skal som forureiningsmyndighet handsame søknaden frå Ålesund kommune om å gjennomføre tiltaka i vågen. Tiltaket vil krevje løyve etter forureiningslova då arbeidet kan medføre spreiing av miljøgifter frå sjøbotnen. Gjennom krav som vert stilt i løyvet skal risikoen for spreiing av miljøgifter reduserast så mykje som mogleg.

Statsforvaltaren har òg syrgja for at landlokalitetar ikring Aspevågen med mistanke om grunnforureining har vorte undersøkt og at det har vorte utført sanerings- eller sikringstiltak der det har vore naudsynt. Då det var mykje industri i Ålesund by tidlegare, er det forureining i grunnen mange plassar. Det er viktig at grunnforureining med potensial for spreiing til sjø vert rydda opp i før det store oppryddingsprosjektet settast i verk, dette for å unngå at sjøbotnen vert forureina på ny etter tiltaka.