Tvangsmulkt til Veidekke om lukttiltaka ikkje blir gjennomført

Veidekke skulle bygge inn sitt ferdigvareanlegg innan 31. oktober 2021. I slutten av september melde dei at dei ikkje har fått konkrete tilbod på jobben med å byggje inn anlegget sitt.
Veidekke skulle bygge inn sitt ferdigvareanlegg innan 31. oktober 2021. I slutten av september melde dei at dei ikkje har fått konkrete tilbod på jobben med å byggje inn anlegget sitt. Foto: Harald Oppedal, Wikimedia.

1, 5 millionar i tvangsmulkt er prisen Veidekke industri AS avdeling Kristiansund må betale dersom dei ikkje har gjort tiltak for å minske luftforureininga innan 1. februar 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2021

I mai i år gav Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund ein frist for å stoppe utsleppet av asfaltlukt til luft. Les meir her …

Har ikkje starta arbeidet

Veidekke har ikkje komme i gang med å bygge inn ferdigvareanlegget, fortel Christian Dahl, fagleiar hos Statsforvaltaren.

Veidekke skulle bygge inn sitt ferdigvareanlegg innan 31. oktober 2021. Ny luktkartlegging skulle bli gjennomført innan to veker etter at tiltaket sto ferdig.

I slutten av september melde Veidekke at dei ikkje har fått konkrete tilbod på jobben med å bygge inn anlegget sitt. Dei skriv også i rapporten at dei håper å velje leverandør innan medio oktober.

Vil sikre framdrift

– Vi kan ikkje sjå at Veidekke Industri i tilstrekkeleg grad har jobba for å redusere sine luktutslepp. Fristen som blei sett til utgangen av oktober vil med stort sannsyn ikkje bli følgt. For å sikre framdrift meiner vi derfor at det no er naudsynt å varsle tvangsmulkt, seier Dahl.

Eit av vilkåra for å kunne bruke tvangsmulkt er at det skal være mogleg for den ansvarlege å unngå tvangsmulkta.

– Vi vil derfor vedta tvangsmulkt dersom Veidekke industri ikkje har bygd inn ferdigvareanlegg og satt i drift luktreinseanlegg innan 1. februar 2022.

Stor overskriding

Luktrapporten frå Sintef Norlab i februar 2020 syner at Veidekke Industri har store overskridingar av luktgrensa som er sett i verksemda sin utsleppsløyve. Veidekke har fått svært mange klagar på lukt frå innbyggjarane i Kristiansund over fleire år.

Det er snart eit år sidan Statsforvaltaren gjennomførte tilsyn i verksemda.

Eventuelle nye tiltak

Dahl understrekar at ein må vurdere om tiltaka er tilstrekkelege etter at Veidekke har gjennomført tiltaka – bygd inn ferdigvareanlegget og sett luktreinseanlegget i drift.

– Då må det bli gjort nye luktundersøkingar. Eventuelle behov for fleire tiltak vil bli følgt opp etter dette. 

Ombygginga av ferdigvareanlegget omfattar ikkje lasting av asfalt til båt.

– Veidekke pliktar å gjennomføre dei tiltaka som er naudsynte for at luktgrensa i løyva blir overhaldt; også ved lasting til båt. Veidekke må derfor parallelt jobbe videre med tiltak som sikrar at verksemda overheld utsleppsløyva i 2022, seier Christian Dahl.