Husk at sjøaure er freda i sjøen i mars og april

Sjøaure / Foto: Jan Drøpping

I mars og april er sjøaure freda i alle sjøområde i fylket, med unntak av Smøla kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2023

- Fredinga vart vedteke av Miljødirektoratet i 2021, men sidan alle ikkje ser ut til å ha fått det med seg, går vi ut med informasjon på nytt, seier seniorrådgivar i fiskeforvaltning hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Geir Moen.

Svake bestandar i fylket

Bakgrunnen for fredinga er svake sjøaurebestandar i store delar av fylket. I følge rapport frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning i 2022 hadde berre tre prosent av 209 vurderte vassdrag i Møre og Romsdal god eller svært god tilstand. 61 prosent hadde dårleg eller svært dårleg tilstand. På Sunnmøre vart ingen bestandar vurdert til å være i god eller svært god tilstand. Romsdal hadde ein bestand i god tilstand, medan Nordmøre hadde ein bestand i svært god tilstand og fire bestandar i god tilstand. 

– Det er viktig at alle bidreg til å bygge opp igjen sjøaurebestandane, seier Moen.

Ein sjøaure kan bli gammal og ha mange sjøopphald, og det er difor viktig at uttaket ikkje blir for stort.

– Du skal difor ikkje fiske etter sjøaure i mars og april. Dersom du under fiske etter saltvassfisk får sjøaure i desse månadane må du sleppe ut att fisken uansett.

Må nytte moglegheita no

Moen fortel at vi dei seinare åra har hatt nokre år med mykje tobis (sil) i fjordane våre.

– Dette er viktig føde mellom anna for sjøaure. Nokre stader har vi difor sett eit oppsving i overleving og kondisjon hos sjøaure. Vi har og reetablering av sjøaure i elvane i Raumaregionen, og større fokus på tiltak og restaurering av gytebekkar for sjøaure i heile fylket. Det er viktig at vi nyttar dette momentet til at fleire sjøaurar får gå opp i elvane for å gyte, seier Moen.

Statens naturoppsyn har oppsyn med at fiskeforbodet blir etterlevd. Dei tek imot tips om ulovleg fiske via Miljødirektoratet si nettside eller direkte på telefon/e-post.

Særlege reglar i Sunndal og Tingvoll

– Eg vil og minne om at sjøaure er freda heile året i Sunndals- og Tingvollfjorden ut til Krifast, og at det er lengre fredingstid enn berre mars og april i munningsfredingssoner utanfor elveosar. I desse sonene har fiskereglane vore på høyring, og nye reglar vil bli annonsert når dei er klare, avsluttar Moen.