Motsegn til arealdel av kommuneplan for Gjemnes - jordvern

Fylkesmannen har på vegne av landbruksinteressene 7 motsegn mot kommuneplanen sin arealdel for Gjemnes i samband med offentleg ettersyn. Hovudmoment for motsegn er at Gjemnes kommune legg opp til for stor arealreserve for bustadar på matproduserande jord, noko som bryt med nasjonal jordvernstrategi og Fylkestinget sitt jordvernmål i Møre og Romsdal. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2018

Gjemnes kommune er ein viktig jordbrukskommune i Møre og Romsdal. Kommunen og kommuneplanen må bidra til å sikre framtida for næringa ved kjente arealmessige rammevilkår og moglegheit for utvikling. Gjemnes kommune har store areal med dyrka og dyrkbar jord kring grendesentra, og spesielt kommunesenteret på Batnfjordsøra grensar til jordbruksareal av høg verdi. Dette gir konflikt mellom jordvern og andre samfunnsomsyn. I forslaget til kommuneplanen sin arealdel er det spesielt område avsett til bustadføremål som kjem i konflikt med omsynet til matproduserande areal.

Nedbygging av jordbruksareal er langt på veg ein irreversibel prosess, og ei stor utfordring både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. 8. desember 2015 vedtok Stortinget ein ny nasjonal jordvernstrategi. Målsettinga er at det ikkje skal omdisponerast meir enn 4000 daa med matjord i året, dette som eit ledd for å auke sjølvforsyningsgraden i Norge og som eit beredskapstiltak. Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok den 13.6.2017 Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021, der det står at Møre og Romsdal som minstemål må ta sin relative del av dette, og ha som ambisjon å halde omdisponert areal dyrkamark under 200 dekar i året.

I planomtalen er det anslått eit behov for 200 bustader i planperioden, der nytt sjukehus på Hjelset er rekna å gi eit auka behov, spesielt i siste 2/3 av planperioden. Då det i gjeldande kommuneplan allereie er plass for 180 bustader, kan ikkje Fylkesmannen sjå at det ligg føre eit dokumentert behov for 140 nye bustader, slik ny kommuneplanen legg opp til. Fylkesmannen er inneforstått med at noko matproduserande areal vil gå tapt til offentlege føremål, som til dømes ny sjukeheim, men kan ikkje godta ein arealreserve for bustader på dyrka jord som går langt utover anslått behov for planperioden.

Vidare må kommunen gjennom planføresegnene sikre krav til høg arealutnytting og rekkefølgjekrav for dei områda som medfører nedbygging av jordbruksareal. Når framtidig areal for bustadføremål utanom dyrka jord vert å sjå på som ein knapp ressurs, som i Batnfjordsøra sentrum, vert høg utnytting av areala desto viktigare, for å hindre press på matjorda.

Fylkesmannen etterlyser ei samla oversikt over kor mange dekar dyrka jord (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) og dyrkbar jord som går tapt som følgje av kommuneplanen. Fylkesmannen vil samstundes oppfordre kommunen til også i framtida ha fokus på sitt arbeid med å nå dei nasjonale målsettingane om redusert omdisponering av dyrka jord, og auka matproduksjon og sjølvforsyningsgrad.