Møre og Romsdal toppar verstingliste

Dei endelege tala frå KOSTRA syner at 4025 dekar jord vart vedtatt nedbygd i 2017 i Noreg. Møre og Romsdal er det fylket som byggjer ned mest matjord i heile landet, med 734 dekar dyrka jord. Bustad- og vegbygging er hovedårsaka til det omfattande tapet av viktig matproduserande landbruksareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2018

Molde verst

Molde kommune toppar verstinglista med 347 dekar dyrka mark. Ein stor del av dette gjeld bygging av ny E39 Lønset – Hjelset. Sjølv om vi ser bort frå E39, ligg fortsatt både Molde og Møre og Romsdal høgt på lista over nedbygging av matjord samla sett. På den uheldige topp 100 lista har Møre og Romsdal heile 13 kommunar, som totalt stod for omdisponering av 678 dekar dyrka jord.

Mykje dyrkbar jord gikk òg tapt

Inkluderer vi tapet av dyrkbar jord på 602 dekar, som også er ein viktig ressurs og reserve for framtidig matproduksjon, så er den samla omdisponeringa av matjord på 1336 dekar.

188 fotballbaner

Går vi ut ifrå at Ullevaal Stadion er ca. 7,1 dekar, så tapte vi berre i 2017 - i for Møre og Romsdal, landbruksareal tilsvarande 188 fotballbaner, som vi kunne produsert mat på istaden for å bygge blant anna hus og veg. Kvar ku treng fôr frå 8-12 dekar dyrka mark, for å gje 6200 liter mjølk i året, som er gjennomsnittet. Det betyr at i 2017 åleine tapte vi jordressursgrunnlaget for produksjonen av ca. 830 000 liter mjølk i året.

Behov for kraftig innstramming

Kommunar, statlege og regionale mynde og næringsaktørar må verte meir beviste på at dyrka mark skal brukast til matproduksjon til befolkninga, og strekke seg til det ytterste, for å finne eigna areal som ikkje går på bekostning av viktig landbruksareal.

Du finn meir statistikk og informasjon på heimesida til Landbruksdirektoratet https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/areal-og-jordvern/kostra/omdisponering-av-dyrka-jord-ned-med-36-prosent-i-2017