- Fylkesmannen fekk medhald i klagesak - jordvern

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått dispensasjonssak frå Fræna kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtak fatta av Fræna kommune, der kommunen godkjente frådeling av ei bustadtomt i LNF-område. Vår vurdering var at dispensasjon som omsøkt ville føre til presedens for framtidige frådelingar, og på sikt skape eit press mot det samanhengande landbruksarealet i området. Samla sett vurderte vi det slik, at vilkåra for å gi dispensasjon ikkje var til stades.

Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag konkluderte slik: «Etter vurderingane ovanfor (les heile vedtaket i høgre meny) har Fylkesmannen alt i alt kome til at kommunen ikkje har vist til tilstrekkjeleg overtydande moment for at vilkåra for dispensasjon til frådeling av ein bustadtomt, jfr. pbl. § 19-2, er oppfylde. Det er kanskje ikkje så stor ulempe for driften av landbruksressursane om ei bustadtomt vert frådelt, men heller ikkje ein føremon. Det er ein ulempe at ein dispensasjon kan vere med å skape presedens for å tillate slike frådelingar. Føremonane det er vist til, er i all hovudsak personlege for søkjar. Dette skal ikkje ha stor vekt i ein dispensasjonsvurdering. Fylkesmannen har etter dette kome til at det er vanskeleg å sjå at fordelane er klart større enn ulempane, jfr. pbl. § 19-2. Utan heimel i pbl. § 19-2 til å gje dispensasjon, er byggesaksmyndigheita rettsleg forplikta til å avslå søknaden, jfr. arealdelen til kommuneplanen, jfr. pbl. §§ 11-6 og 26-1. Fræna kommune sitt vedtak om å tillate søknad om frådeling av ei bustadtomt vert oppheva. Søknaden vert avslått, og klagen gis medhald.»

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil oppfordre kommunane i Møre og Romsdal til å grunngje sine framtidige dispensasjonsvedtak i medhald av pbl. 19-2, og at ein ikkje legg nemneverdig vekt på privatøkonomiske tilhøve.