Informasjonsbrev veke 17/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Tydelegare krav til å forynge skog 
  • Digital kartfesting obligatorisk i ØKS frå 15. mai 2024 
  • Ny oversikt over “kven gjer kva” på landbruksseksjonen hjå Statsforvaltaren 
Publisert 24.04.2024

 

Tydelegare krav til å forynge skog 

Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1/1-2024 fastsett endringar i Forskrift om berekraftig skogbruk. Endringane skal gjere det enklare for kommunane å følgje opp foryngingsplikta. Der bartre utgjer meir enn halvparten av hogstvolumet skal det foryngast med bartre. Eventuelt skifte av treslag frå bar til lauv kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Les meir her. 

Kontaktperson: Odd Løset  

 

Digital kartfesting obligatorisk i ØKS frå 15. mai 2024 

Digital kartfesting av skogbrukstiltak blir gjort obligatorisk i ØKS ved behandling av søknad om tilskott/refusjon av skogfond. Unntak er ‘Gjødsling fastmark’ (Hovudkode 011) med metode helikopter blir motteke av entreprenør og lagt inn som eige kartlag i ØKS etter enda gjødselsesong. For bestand som vert gjødsla med annan metode enn helikopter, skal tiltaket kartfestast digitalt sjølv om det ikkje står som obligatorisk i ØKS. 

Endringa medfører ingen nye krav til skogeigar, digital kartfesting vil framleis være valfritt for skogeigar, men er obligatorisk for kommunen ved behandling av søknad. 

Kontaktpersonar: Odd Løset og Åslaug Røberg 

 

Ny oversikt over “kven gjer kva” på landbruksseksjonen hjå Statsforvaltaren 

Det er publisert ei ny oversikt over kven som har kva for oppgåver på landbruksseksjonen. Oversikta finn de på våre heimesider under tema “Landbruk og mat”, i høgre margen på sida. Sjå her: Landbruk og mat | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) Eller så kan de gå via denne direktelenka  

Kontaktperson: Ragnhild N.Aas