Informasjonsbrev veke 11/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 
  • Landbruksselskapet heidrar kårfolk med Inspirasjonsprisen
Publisert 13.03.2024

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets fyrste utgåve er publisert, og kan lesast her.  

Vi har skrive om kva som skal til for å skape matglede hos eldre, landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune, forvaltningsplanen for det utvalde kulturlandskapet Eikesdalen og strategimøte om skognæringa.. 

Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her. 

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Landbruksselskapet heidrar kårfolk med Inspirasjonsprisen  

På Landbrukskonferansen i Molde 8. mars fekk kårfolka Karin og Robert Smenes frå Averøya årets inspirasjonspris frå Landbruksselskapet i Møre og Romsdal. Landbruksselskapet ynskjer med dette å løfte fram kor viktige kårfolk er for vidare drift på gardsbruket. Kårfolk kan vere ein avgjerande ressurs i ei tid der gardbrukaren sjølv ofte står i ein kombinasjon av opplæringsfase, investeringsfase og gjerne også småbarnsfase. 

Du kan lese meir om prisvinnarane her. 

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger