Informasjonsbrev veke 04/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Skogsamling i Surnadal 
  • Rentemidlar av skogfond – Budsjettering 
  • Landbrukskonferansen om landbruket si rolle i totalberedskapen 8. mars i Molde 
  • Ny organisering hos Statsforvaltaren 
Publisert 24.01.2024

Skogsamling i Surnadal 

Skogsamlinga vert i år arrangert på Thon Hotel Surnadal den 5. - 6. mars. Programmet er mangfaldig med innlegg frå m.a.: NVE, Landbruks- og matdepartementet og Norsk bygdesagforening. 

Dei tradisjonelle postane, statistikk og nyhende, samt innlegg frå tømmerkjøparane vert vidareført.  

Programmet kan få mindre endringar. 

Del invitasjonen med dei som måtte ha interesse. 

Program og påmelding finn du HER 

Påmeldingsfrist 18/2. 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Rentemidlar av skogfond – Budsjettering 

Vi minner om at budsjett for bruk av kommunale rentemidlar må leggjast inn i ØKS og sendast Statsforvaltaren for godkjenning med det første. Brev om budsjettering ble sendt kommunane 9. november 2023. Rentemidlar vil ikkje bli utbetalt før budsjettet er klart og godkjent av Statsforvaltaren. 

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Landbrukskonferansen om landbruket si rolle i totalberedskapen 8. mars i Molde 

Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. I år har vi særleg fokus på viktigheita av landbruket for beredskap og mattryggleik.  

Program og påmelding finn du her. Påmeldingsfrist 24. februar. 

Vidaresend gjerne invitasjonen 😊 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Ny organisering hos Statsforvaltaren 

Statsforvaltaren har frå 01.01.24 ny organisering. Vi har no to verksemdsområde, kvar med fem seksjonar. Verksemdsområdet Berekraftig naturbruk har seksjonane Landbruk, Plan og klima, Naturforvaltning, Forureining og Justis og beredskap. Frank Madsøy leier verksemdsområdet. Brit Kari Eidseflot Hauger er leiar av seksjon Landbruk. 

Meir informasjon finn du her. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger