Tydelegare krav til å forynge skog

Foto:Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Skogeigar har plikt til å få opp att ny skog etter hogst. Nye endringar i forskrifta skal gjere det enklare for kommunane å følgje opp denne plikta.

Publisert 16.04.2024

Landbruks- og matdepartementet har med verknad frå 1/1-2024 fastsett endringar i «Forskrift om berekraftig skogbruk»

Endringane er ei tydeleggjering og presisering av krav til forynging. Endringane vil gjere det enklare for kommunane å følgje opp plikta som skogeigar har med å få opp att ny skog. Departementet ønskjer å styrkje arbeidet med forynging av skog slik at langsiktig skogproduksjon og CO2-opptak aukar.  

Bartre skal erstattast med bartre

I skog der volum av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestandet før hogst, skal det foryngast med bartre. Forynging kan skje ved såing, planting og naturleg forynging.

Søknadsplikt

Eventuelt skifte av treslag frå bar til lauv kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skogeigar må søkje om slik godkjenning innan seks månader etter hogst.

Søknadsplikten er innført for å sikre at dette er eit bevisst val med tanke på skjøtsel og produksjon i framtida.

Krav til tilfredsstillande forynging

Godkjent forynging etter hogst tar utgangspunkt i plantetala i tabellen nedanfor:

imagejsp2g.png

Der bartre utgjorde meir enn halvparten av volumet i hogsten er det berre bartre som er teljande.

Utover krava i tabellen skal det vere minst 10 prosent lauvtre i bartrebestand. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning i bruk av lauvtre frå kommunen.