På bakgrunn av møte med faglaga har Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98 og forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk til 0,96 for kvoteåret 2017.
19.11.2016
Blåshimmelosten Kraftkar frå Tingvollost vart nyleg kåra til den beste osten på planeten etter ein overraskande og kjenslelada finale i 29. World Cheese Awards, i Basque Country city i San Sebastian. Kåringa skjedde i konkurranse med eit stort tal ostar frå heile verda.
16.11.2016
Mange stader rundt om i fylket er der vegar med svake punkt, som gjer at tømmervogntog ikkje kan køyre med fulle lass. No vert det arbeidd for å betre standarden.
04.11.2016
Bygg i massivtre, effekten av omgraving av myr på utslepp av klimagassar, kjøtproduksjon på storfe, Nofence, og sauebruk var tema for landbruks- og matminister Jon Georg Dale sitt besøk i fylket 1. november 2016.
02.11.2016
Det er stor interesse for utsiktsrydding i deler v fylket. Fylkesmannen har fått inn heile 44 søknader om tilskot til utsiktsrydding.
26.10.2016
Mat og måltidsglede gir god trivsel og god helse. På Sundheim har dei nettopp det – matglede. Sundheim er et godt eksempel for andre – dei viser korleis matglede vert skapt i praksis, til glede for både bebuarar og nærmiljøet.
24.10.2016
Vanylven omsorgssenter er ein av dei fem beste institusjonane her i landet til å skape gylne måltidsøyeblikk til bebuarane sine. Dei vert no heidra med diplom frå Landbruks-og matdepartementet for denne innsatsen.
Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått dispensasjonssak frå Fræna kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.
14.10.2016
Landbruks- og matdepartementet har opna for at Innovasjon Norge kan løyve investerings- og bedriftsutviklingsmidlar frå neste års ramme i haust. I samband med dette har fylkesmannen gjort nokre endringar i Regionalt næringsprogram.
13.10.2016
Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.
06.10.2016