Kartlegging av tre innovative trebygg i Møre og Romsdal – erfaringar og læring

Tredrivaren i Møre og Romsdal har vore eit samarbeid mellom Statsforvaltaren, Innovasjon Noreg og Møre og Romsdal fylkeskommune, med støtte frå fleire fagmiljø. Prosjektet inngår i ei nasjonal satsing for å styrke verdikjeda for tre og tømmer, med særleg fokus på bruk av tre i offentlege bygg – spesielt massivtre.
Mål for Tredrivarprosjektet
Prosjektet har hatt som mål å:
- Fremje større trekonstruksjonar
- Auke bruken av tre i offentleg sektor
- Bygge opp ein norsk marknad for massivtre
- Bruke offentlege innkjøp som verktøy for klimavennlege bygg
- Støtte trebasert næringsliv
Gjennom mobilisering, kompetansedeling og faglege møteplassar har prosjektet vist korleis innovasjon og samarbeid kan gi konkrete resultat. Erfaringane viser at tre kan bidra til å redusere klimagassutslepp, gi betre inneklima og kortare byggetid.
Tre bygg – tre læringsarenaer
I prosjektet er tre bygg kartlagt: Idrettens Hus i Molde, Sæbø skule og barnehage i Ørsta og Norsk Fjordsenter i Geiranger.
Desse bygga vart valde for å gi innsikt i haldbarheit, klimatilpassing og karbonlagring i offentlege trebygg.
- Norsk Fjordsenter har vist god haldbarheit over tid. God planlegging og detaljar i fasaden er avgjerande for å tole vestlandsk klima.
- Sæbø skule og barnehage viser at trekonstruksjonar kan dimensjonerast for krevjande forhold, som risiko for skredvind.
- Idrettens Hus viser korleis tre kan nyttast som karbonlager og byggjast på ein klimavennleg måte.
Alle bygga har god funksjonalitet og inneklima.
Erfaringar frå bygging med massivtre
Bygga viser at massivtre kan brukast på mange måtar og med ulike arkitektoniske uttrykk. Samtidig peikar erfaringane på utfordringar som må løysast for å utnytte materialet fullt ut. Fordelar med massivtre som konstruksjon er mellom anna:
- Betydelige klima- og miljøgevinstar
- Kortare byggetid og høg ferdigstillelsesgrad
- Lågare klimagassutslepp enn stål og betong
- Spennvidde, deformasjonar og krav til brann- og lydisolasjon må vurderast nøye
Å byggje med massivtre krev ei anna tilnærming enn tradisjonell bygging. Kartlegginga har avdekt viktige læringspunkt knytt til:
- Spennlengder for dekker
- Lydgjennomgang i dekker og veggar
- Perforeringar i konstruksjonen
- Integrering av tekniske installasjonar
Offentlege innkjøp som verktøy
Kartlegginga viser korleis offentlege innkjøp kan vere eit kraftfullt verktøy for å fremje klimavennlege løysingar og bidra til å nå FN sine berekraftsmål.
Tredrivaren si rolle og vegen vidare
Tredrivaren har vist korleis offentleg mobilisering og samarbeid gir varige resultat. Nettverk og kunnskapsmiljø er bygd opp, og sentrale aktørar er identifiserte som viktige samarbeidspartnarar for framtida.
Erfaringane frå kartlegginga gir grunnlag for meir effektiv og kvalitetsmessig bruk av massivtre. Det er framleis behov for kompetanseheving i heile verdikjeda – frå innkjøparar til leverandørar. Kartlegginga gir også innsikt i risikovurdering og prosjektgjennomføring som kan kome nye prosjekt til gode.
Kartlegginga er utarbeidd av Arkitektkontoret Helen & Hard, og funna vart presenterte på eit webinar 25. september med 47 påmelde deltakarar.