Smaksverkstad som førebuing til «Die Internationale Grüne Woche – Berlin»

Alle deltakarane på smaksverkstaden.
Alle deltakarane på smaksverkstaden. Foto: Matarena.

Mat og sider blir ein raud tråd på standen til Fjord-Norge på Grüne Woche.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2021

Fjord-Norge regionen er invitert til Berlin for å selje matnasjonen Norge. Fjord-Norge representerer fylka Møre og Romsdal, Vestland og Hordaland.

Smaksverkstaden fungerer som ein «kick-off» til samarbeidet som skal gjennomførast på messa i januar. Alle kokkar, produsentar, rådgjevarar og prosjektkoordinator får møtast på dette arrangementet.

Heile 20 mat- og drikkeprodusentar hadde med seg sine produkt og fagkokkane presenterte matvarene for smaking og samansetning med rett type drikke. Denne gongen blir det frå vår region fokus på mat med lokal identitet og sider som høver til rettane.

Frå Møre og Romsdal skal vi mellom anna ha med laks frå Frøysagarden i Sykkylven, klippfisk frå Jakob & Johan Dybvik Sula, hjort frå Hovdenak Hjort Ørsta, ost frå Tingvollost, Tingvoll og Skarbø Gard, Stranda. Sideren kjem frå Sider AS, Aure og Skarbø Gard, Stranda.

Om Grüne Woche

Grüne Woche blei arrangert for fyste gong i Berlin i 1926 og er ei av verdas største messer for landbruk, mat og reiseliv. 1700 ustillarar frå meir enn 60 land deltek på messa og viser fram sine produkt. 

Norges deltaking på IGW har som overordna mål å bidra til å utvikla Norge som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.

Messa blir arrangert i Berlin, mellom  21.-30 januar 2022.