Sider - eit frukteventyr i norsk landbruk

Gardsbrenneriet - hausting av eple. Foto: Gardsbrenneriet

På pressekonferansen i samband med opninga av den årlege internasjonale landbruks- og reiselivsmessa IGW i Berlin vart status og ambisjonar for siderproduksjonen løfta fram.

Publisert 20.01.2023

Endringa av regelverket i 2017 gjorde det mogeleg for fruktbønder å kunne produsere og selje sider direkte frå gardane. I kjølvatn av dette har mange fruktdyrkarar satsa på eigen foredling til most og sider i staden for å levere frukt til konsum.

Produsentane snakkar om ei fem gonger høgare verdiskaping – inntekter som også bidreg til å skjøtte det unike frukthagelandskapet og til ei styrking av sysselsettinga i fruktdistrikta.

Ambisjonane i næringa er store

Etter to eventyrlege salsår har 2022 vore eit år utan vekst. Dette bremser ikkje optimismen til produsentane i siderdistrikta. Bøndene satsar og investerer som aldri før, innoverer og bygger ny kunnskap i lag. Nytt areal vert dyrka opp og stadig nye spennande produkt kjem på marknaden. T.d. er målet for siderlaget i Hardanger å auke salet frå ca. 600 000 liter i år til 1 mill liter i 2025.

Vinmonopolet er kanskje den viktigaste salskanalen, men salet direkte frå garden og Horeca-marknaden er aukande.

Siderdisktrikta vert etter kvart til kjende destinasjonar som genererer meirsal.

Den beste sideren er framleis ikkje laga

Dei 16 smaksagentane i siderpanelet hjå NIBIO på Lofthus har snart smakt seg gjennom 200 kommersielle og eksperimentelle sidare. Det er etter kvart eit mangfald av moderne, reine og smakstilsette sidere. Is-sideren er kanskje det oppsiktsvekkande ytterpunktet i utviklinga, men det er ikkje sluttpunktet i sidereventyret.

På messa i Berlin presenterer sju produsentar sine sidere i tillegg til mat- og reiselivsaktørar frå Fjord Noreg.

Små tematiske kurs for tyske messebesøkjande vil teste interessa på eit utanlandsk marknad. Sider kan bli eit godt eksportprodukt. Først og fremst er vi her for å fortelje om reisedestinasjonar. Kanskje Hardanger, Møre, Telemark, Sogn eller Ryfylke kan bli like kjent som Toscana, Champagne eller Provence?

image8l7ua.png

Frå pressekonferanse, Dirk Kohlmann. Foto Statsforvalaren i Vestland Fylke  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar