Romsdalsgårdene - eit godt samvirketiltak

Bordet er dekt på Woldstad Gard. Foto: Aud L. Drågen
Bordet er dekt på Woldstad Gard. Foto: Aud L. Drågen

Heile 21 produsentar av lokal mat, kultur og reiseliv deltok nyleg på ein studietur til «Romsdalsgårdene». Turen skulle styrke bygdenæringane si kompetanseutvikling og verdiskaping gjennom større grad av samarbeid og formell organisering.

Publisert 19.11.2021

Dei 6 «Romsdalsgårdene» ligg som perler på ei snor, med ulik storleik, tilbod og drift. Det som er felles er at dei ligg langs fjorden i Rauma kommune. Dei er og alle medlemar i eit samvirkenettverk og dei har ein felles visjon om at dei skal vere perler i sitt lokale landskap.

Studieturen starta med besøk hos Halvor Hagen i hans nybygde lysthus og fortsatte til Rosvang Gard der vi fekk servert lunsj levert frå Woldstad Gard. Eit døme på flott samarbeid i praksis. Seinare vart det kaffi med tradisjonsbakst hos Lensmannsgarden i Innfjorden. Johan Setnes gav eit livfullt innblikk i ein vinprodusent sitt virke. På Woldstad Gard fekk vi presentert historia til  «Romsdalsgårdene» fram til no.

Fagleg støtte og sosialt samhold – kjerneverdiar i nettverket

Godt vertskap gjennom menneske og fysiske innretningar er viktig for desse gardane. Dei tilbyr guida fjellturar, hagevandring, overnatting, selskapsservering, kulturformidling, vinsmaking og laksefiske. Dei har felles etiske verdiar. Alle framheva at dei hadde særdeles god sosial og fagleg støtte i kvarandre. Likt eigarskap i samvirkenettverket vart nemnt som viktig.  Alle medlemane var positive til samvirkemodellen som organisasjon og nemnde spesielt at dei hadde stor felles kompetanseauke i nettverket.

Deltakarane var aktive med å spørje og diskutere. Det kom fram mykje under turen som vart notert for vidare arbeid i dei moglege framtidige nettverka i fylket.

Studieturen vart arrangert av Statsforvaltaren i samarbeid med hoppid.