Knallopning av Grüne Woche i Berlin med lokal mat og drikke frå Møre og Romsdal

Fjord Norge sin stand. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Landbruks- og matminister Sandra Borch stod for opninga av Fjord Norge-regionen sin stand.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2023

Fredag opna den internasjonale mat- og reiselivsmessa Grüne Woche i Berlin.

– Det er, og skal vere, eit kvalitetsstempel å bli valt ut som utstillar på den norske standen på Grüne Woche, sa landbruks- og matminister Sandra Borch i opningstalen.

– Her i Tyskland, ein av våre viktigaste marknader i utlandet, skal utstillarane representere Norge og regionen sin. Dei kan teste eigne produkt, knyte internasjonale kontaktar og vinne erfaring slik at vi kan verte endå betre i en sterk, internasjonal konkurranse. I tillegg vil det å delta på den norske standen gje grunnlag for gode norske nettverk på tvers av fagområde, landsdelar og interessefelt, uttalte Sandra Borch.

Statsråd Sandra Borch i prat med f.v. Kristine Ruiz-Skarbø frå Skarbø Gard, kokk Casper Andersen frå Eggen Restaurant, Carlos Ruiz-Skarbø og adm dir Nina Sundqvist i Matmerk Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Enorm messe for mat og reiseliv

Internationale Grüne Woche (IGW) vert arrangert frå 20. til 29. januar. Grüne Woche er ei av verdas største messer for mat, reiseliv og landbruk.

Det er regionane Fjord Norge og Trøndelag som representerer Norge på Grüne Woche, der det er venta 400 000 besøkande. Det er utarbeidd eigne menyar for å kunne servere lokale delikatesser og smaksprøver til matinteresserte frå heile verda.

Landbruks- og matdepartementet står bak den norske deltakinga på Grüne Woche i samarbeid med Innovasjon Norge og den norske ambassaden i Berlin.

Lokalmat og sider

I Fjord Norge-regionen er det Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, saman med Matarena AS som står for programmet. Det er valt ut 20 bedrifter som representerer det store mat- og drikkemangfaldet på Vestlandet, inkludert reiselivsaktørar. «God mat og drikke som forsterkar opplevinga av norsk natur og kultur» er visjonen for deltakarane frå Fjord Norge.

På den norske standen er det eit eige smaksbord. Ein meny av lokalmat og sider som passar til er sett saman av vinkelner og kokkar som deltek på Fjord Norge sin stand. Landbruks- og matminister Sandra Borch deltok på «smaksbordet» etter opninga av den norske paviljongen. Ho var svært imponert over menypresentasjonen.

Kokkelærling Magnus Kroken og kokk Casper Andersen frå Eggen Restaurant på Åndalsnes Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Skarbø Gard og Eggen Restaurant

I fyrste halvdel av messeperioden deltek Kristine og Carlos Ruiz-Skarbø frå Skarbø Gard på Stranda med sin ost og sider. Sideren har fått svært gode tilbakemeldingar, både frå publikum og ekspertar. Eggen Restaurant på Åndalsnes deltek med kokk Casper Andersen og kokkelærling Magnus Kroken, som står på for å lage flotte smaksprøver som vert selt på standen.

I andre halvdel av messa skal Tingvoll Sider, Fjordsider frå Molde/Aure og Stolt Mat frå Sjøholt delta. I tillegg er Frøysagarden i Sykkylven representert med sin røykalaks.