Inspirasjonssamling og MRmat 2026
Driv du gard, foredling, restaurant, hotell eller reiseliv – og vil få meir ut av lokale råvarer, betre samarbeid og fleire kundar eller finne lokale leverandørar?
Då er inspirasjonssamling og MRmat 2026 årets møteplass. Arrangementet rettar seg mot produsentar av lokal mat og drikke, serveringsstadar, reiseliv og næringsmiddelbedrifter med lokal tilhøyrigheit. Programmet består av inspirasjonssamling og heile 5 bransjeretta fagkurs.
Inspirasjonssamling
Tysdag 24. februar vert inspirasjonssamlinga arrangert på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Tema er:
- fagleg påfyll, trendar og ekte erfaringar frå heile verdikjeda
- speeddate mellom lokale produsentar og kokkar/mataktørar, med tid for smak, prat og gode møter
- dagen vert runda av med middag på Borgund videregående skole, der kokkeelevane lagar ein skikkeleg smakfull kveld med lokale råvarer
Arrangementet er eit samarbeid mellom prosjektet Lokalmat Møre og Romsdal, Kompetansenettverk lokalmat, Matarena og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, og er finansiert at Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fagkurs
Onsdag 25. februar vert ein praktisk fagdag med verkstader, smakar og økter der produsentar, kokkar og fagfolk utforskar råvarer, teknikkar og nye mogelegheiter på Borgund videregående skole. Vel mellom praktiske økter som: surdeig & grovbakst med lokalt mjøl, direktesal av gardsmjølk, NM-vurdering av kjøtprodukt, innsal for siderprodusentar og kokkekurs i stykningsdelar (meir smak, mindre svinn).
Påmeldingsfrist 30. januar
Kontaktinformasjon
Inspirasjonssamling: Ingerid Wembstad, Matarena - ingerid@matarena.no
- 994 03 999
MRmat: Egil Hustoft, Kompetansenettverk Lokalmat - egihus@trondelagfylke.no
- 906 64 140