Freistande smakar frå Fjord-Norge på verdas største matmesse

Kvalitet i kvar bit og dråpe.
Kvalitet i kvar bit og dråpe. Foto: Christoph Aigner / Skarbø Gard..

I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde lokalmatverksemder frå Fjord Norge reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2021

Kven står bak prosjektet?

IGW er organisert som eit prosjekt i eit samarbeid mellom Statsforvaltarane i Rogaland, Møre og Romsdal og Vestland og er formelt eigd av Statsforvaltaren i Vestland. Finansieringa kjem frå den regionale partnarskapen, dvs. frå Innovasjon Norge, fylkeskommunane og Statsforvaltarane i nemnde fylke.

Matarena AS gjennomfører det praktiske arbeidet som innleigd prosjektleiar.

Kvifor reise til Berlin?

Norges deltaking på IGW har som overordna mål å bidra til å utvikla Norge som mat- og reiselivsnasjon med tydeleg lokal og regional identitet. Landbruks- og matdepartementet si satsing på denne messa skal stimulera til næringsutvikling, samarbeid, nettverksbygging og innovasjon på tvers av regionale- og næringsmessige grenser.

For deltakarane er dagane i Berlin ei unik moglegheit for å bli kjende med andre gardsmat- og reiselivsaktørar. Det er ikkje usannsynleg at nye produkt og avtaler har sitt opphav frå hektiske arbeidsdagar på messestanden i Berlin. Det er desse matopplevingar og reiselivstilbod som er den minneverdige essensen i besøksopplevingane turistar får med seg når dei kjem til Noreg.

Mangfald av råvarer

Det blir råvarer og foredla produkt frå kjøt, fisk, sjømat, ost og urter som ingrediensar i rettane som skal serverast i Berlin. Sider og eplemost av høg kvalitet vert med og vil ha ein tydeleg plass i marknadsføringa av regionen. I ein «Tasting-Lab» vil vi invitere sommelierer, matskribentar, presse og tyske importørar til å teste ulike sidrar til lokale produkt som til saman blir “Smaken av Fjord Norge”.

Smaksverkstad med nye smaksopplevingar

4. november er produsentar, kokkar og arrangørar samla til smaksverkstad på Kokstad. Her vil dei dyktige matfagleg ansvarlege, saman med deltakarane lage nye og velsmakande rettar, sett saman av eit mangfald av råvarer frå regionen. Her vert deltakarverksemda presentert for kvarandre.

Desse er med frå Fjord-Norge

Møre og Romsdal

Eggen Restaurant

Frøysagarden 

Tingvollost

Sider AS

Skarbø Gard

Vestland

Edel Sider/Åkre Gard

Fjellestad Gardskjøken

Fretheim Hotell v/ kokk Bjarte Finne

Gardsbrenneriet

Hardangerbonden

Myrdal Gård

Slettevollen Gardsysteri

Kandal Kjøt

Sølvane Gard

Varegga Mat fra Bergen

Matfagleg ansvarleg, Øyvind Vestrheim, Spesialgrossisten Troye

Rogaland

Apal Sideri

Lysefjorden Sjokolade

OmCider

Ryfylke Gardsysteri

Ystepikene

Matfagleg ansvarleg per. 2. Sebastian Schläwicke,  Smaken av Ryfylke 

Kontaktpersonar hjå Statsforvaltaren

Aud Lindset Drågen - Statsforvaltaren i Møre og Romsdal,
fmmrald@statsforvalteren.no / 90 86 54 59

Annabell Pfluger – Statsforvaltaren i Rogaland,
fmroapf@statsforvalteren.no / 97 61 38 07

Marit Hjortung – Statsforvaltaren i Vestland,
fmsfmhj@statsforvalteren.no / 90 61 95 92

Prosjektleiar Dirk Kohlmann - Statsforvaltaren i Vestland,
fmhodkt@statsforvalteren.no / 41 29 65 50