Det vert fagdagar for lokalmatprodusentar i mars!

Foto: Statsforvaltaren mediebank.

No er det endeleg duka for fagsamling om lokalmat igjen. Er du lokalmatprodusent så sett av datoen allereie: 14. og 15. mars, for det er då det skjer!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2022

MR-mat arrangerast i samarbeid med kompetansenettverket for lokalmat - Matnavet Mære. Tradisjonen tru vekslar gjennomføringsstaden frå sør til nord i fylket for å sikre geografisk spreiing. I 2023 er det Stranda som er staden!

Fagdagane går over to dagar og er delt i to delar. Ein fellesdel med tema berekraft og utvikling, og ein fagspesifikk del med kurs innanfor ulike handverk. Programmet og kursa blir annonsert på nyåret, så følg med!