SMIL-midlar i 2025

Stasforvaltaren i Møre og Romsdal v/Ragnhild Naug Aas

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på 9,5 millionar kroner til kommunane for ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).

Publisert 18.02.2025

Om fordelinga av SMIL-midlar i 2025

I 2025 er den nasjonale ramma for SMIL på 220 millionar kroner der Møre og Romsdal har fått totalt 9,5 millionar kroner.

Kommunane har meldt inn eit samla behov for året på 10 560 000  kroner. Det er dermed eit sprik mellom innrapportert behov og midlar som er til fordeling. Det er nytta ein fordelingsnøkkel for å fordele rammer til kommunane. Denne tek utgangspunkt i tre objektive kriterium for kommunane: Tal som søkte om produksjonstilskot føregåande år, tal på landbrukseigedomar og tal på jordbruksareal i drift. Dernest er det lagt vekt på:

  • Innmeldt behov frå kvar enkelt kommune
  • Lokale retningslinjer skildrar miljøutfordringar og prioritering av tiltak i kommunen
  • Gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i kommunen
  • Variasjonar i behov frå år til år, saman med omsyn til føreseielegheit og kontinuitet

Kommunevis fordeling av SMIL for 2025

Aukra

194 000

Smøla

333 000

Aure

495 000

Stranda

310 000

Averøy

300 000

Sula

50 000

Fjord

412 000

Sunndal

451 000

Giske

170 000

Surnadal

630 000

Gjemnes

300 000

Sykkylven

260 000

Haram

330 000

Tingvoll

300 000

Hareid

100 000

Ulstein

155 000

Herøy

250 000

Vanylven

452 000

Hustadvika

990 000

Vestnes

240 000

Kristiansund

40 000

Volda

612 000

Molde

700 000

Ørsta

600 000

Rauma

300 000

Ålesund

350 000

Sande

181 000

 

 

SUM

9 500 000

 

 

 

Det er stor etterspørsel etter SMIL-midlar i heile fylket. Det er viktig at eventuelle unytta og inndregne midlar blir innvilga til nye tiltak i eigen eller andre kommunar.  Statsforvaltaren vil følgje med på forbruket av midlar i kommunane og gjennomføre tre omfordelingsrundar i løpet av året: 1.juni, 1. september og 15. oktober.

 

Kort om forbruk av SMIL-midlar 2024

I 2024 blei det innvilga 10 749 738 kroner i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) her i fylket.

Av den totale summen utgjer nye løyvingar 10 619 575 kroner. Den resterande summen gjeld eldre saker som enten er innvilga på nytt eller har fått ekstraløyving.

Føremålet med SMIL-midlane er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og å redusere forureininga frå jordbruket. Det er kommunane som forvaltar SMIL-ordninga etter nasjonal forskrift og lokale retningsliner. Kvar kommune blir gitt ei årleg ramme til disposisjon.

I 2024 hadde kommunane i underkant av 10,8 millionar kroner til disposisjon. Dette omfatta «friske» midler frå jordbruksoppgjeret på 9 millionar kroner, samt inndratte midlar gjennom året på vel 1,8 millionar kroner.

Totalt blei det innvilga tilskot til 242 SMIL-tiltak. Tabellen nedanfor viser sum tilskot og tal innvilga søknader på regionnivå.

Hustadvika kommune innvilga flest midlar, med vel 1 153 850 kroner. Dernest følgde Surnadal, Volda, Molde og Smøla.

Fordeling på ulike miljøtema

Eit SMIL-tiltak kan kategoriserast innanfor eit av sju miljøtema. I 2024 var den prosentvise fordelinga på miljøtema følgande:

 

Det blei innvilga mest til kulturlandskapstiltak (52 %). Denne kategorien omfattar mellom anna tiltak for å restaurere og skjøtte verdifulle jordbruksområde med spesielle kulturlandskapsverdiar.

Nest mest midlar blei gitt til tiltak som skal hindre avrenning til vatn og betre tilstanden i utsette vassførekomstar (22 %). Dei fleste tiltaka i denne kategorien omhandlar utbetring av hydrotekniske anlegg og erosjonssikring i eller langs vassdrag. Tredje største kategori var tiltak for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø (19 %). Her blir tilskotet gitt til istandsetting av freda og verneverdige bygningar og andre kulturminne, for å bevare desse og halde dei synlege i kulturlandskapet.

Kommunane har fått tildelt ny ramme for SMIL i 2025. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å søke om tilskot eller les meir om SMIL-ordninga på landbruksdirektoratet.no.