Kulturlandskapsprisen 2019 til Oddmund Ansok, Liabygda

Oddmund Ansok fikk tysdag 3. september utdelt Kulturlandskapsprisen for 2019 heime på garden sin på Ansok i Liabygda. Han var beæra over prisen og brukte sin tale blant anna til å takke gode vener og naboer for hjelp med drift av garden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal stod som vertskap heime hjå prisvinneren på Ansok då fylkesmann Rigmor Brøste og fylkesordfører Jon Aasen delte ut Kulturlandskapsprisen 2019. Ein tydeleg rørt prisvinnar og publikum hadde ein kjempefin dag på garden der Oddmund fikk vist fram kulturlandskapet som han hell i hevd på førebiletleg vis og som ligg til grunn for prisutdelinga.

Fylkesmann Rigmor Brøste en deler ut kulturlandskapsprisen 2019, til Oddmund Ansok. Frå venstre fylkeskonservator Bjørn Ringstad, landbruksdirektør Frank Madsøy, prisvinnar Oddmund Ansok, fylkesordførar Jon Aasen og fylkesmann Rigmor Brøste

I grunngjevinga for kulturlandskapsprisen står det;

Oddmund Ansok får prisen for sin entusiasme og genuine interesse for å ivareta kulturlandskapets mangfaldige element, og for sin årvisse gjennomføringskraft og handlingsvilje som krevst for å skjøtte og halde kulturlandskapet i god hevd.

Oddmund Ansok sitt langsiktige arbeid leverer på heilskapen i kulturlandskapet med grunnlag i matproduksjon, samstundes som kulturminne og det biologiske mangfaldet vert ivareteke på ein særs god måte.

Fylkesmann og juryleiar Rigmor Brøste gratulerte den verdige prisvinnaren, og poengterte at kulturlandskapet er eit verdifullt produkt frå norsk landbruk. Det speglar vår tid og tidlegare tiders jordbruk, då eit ope og levande kulturlandskap er resultatet av generasjonar med aktiv matproduksjon og landskapspleie.

«Eg vil gratulere prisvinnar Oddmund Ansok så mykje med prisen. Han er eit førebilete i måten han har skjøtta gardsdrifta på, der han har drive med matproduksjon og samstundes teke vare på kulturlandskap, kulturminne og biologisk mangfald. Særskilt har skjøtselsplanen for slåttemarka vore førebiletleg fylgd og bidreg i så måte til FNs berekraftsmål om bevaring av trua artar og økosystem».

Kulturlandskapsprisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom.

Utsikt frå garden Ansok

Utsiktsbilete

God hjelparar, prisvinnar og næringssjef i Stranda kommune