Mogelegheiter for meir økologisk landbruk i Møre og Romsdal

Det er potensiale for auka økologisk produksjon av grønsaker, frukt, bær og korn i fylket, viser rapport frå Ruralis. Det er også mogelegheiter for auka husdyrproduksjon basert på grovfôr.

Publisert 28.01.2022

Rapporten frå Ruralis er utarbeidd på oppdrag frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. I fylgje Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018 – 2030 er det eit mål å auke produksjonen i det økologiske jordbruket. Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren har tatt initiativ til å få kartlagt mogelegheitene for økologisk landbruk i fylket.

Vidare arbeid

- Rapporten gjev oss god innsikt og eit godt grunnlag for vidare arbeid med å utvikle økologisk produksjon i Møre og Romsdal. Dette vil vi fylgje opp, i tett samarbeid med aktørane i næringa, seier Brit Kari Eidseflot Hauger, assisterande direktør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

God kunnskap

I rapporten vert status for den økologiske jordbruksproduksjonen presentert i form av statistikk. Vidare er nosituasjonen kartlagt gjennom intervju med bønder som driv økologisk, samt rådgjevarar og aktørar innan omsetning av økologiske produkt.

Tiltak

Rapporten gjev ei god skildring av status for det økologiske jordbruket i fylket, med forslag til tiltak for vegen vidare. Heile 21 tiltak som kan betre vilkåra og utnytte mogelegheitene for ein auka økologisk jordbruksproduksjon er føreslått.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.