Det er tid for drenering av jorder!

Det kan gis tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte arealer.
Det kan gis tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte arealer. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

I desse dagar vert jorda gjort klar for våronn. Når snøen smeltar er det som regel bløtt. Er det mykje vatn på jordene, bør ein markere med stikker, så ein kan forfølgje problemet og drenere.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.04.2021 av Lena Skattum Sandvik

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søke om tilskot til drenering frå eigen kommune. Kommunen kan og gje tilskot til eigar av jordbruksareal som vert leigd ut. For planerte areal kan ein og få tilskot til drenering av areal som ikkje tidlegare er grøfta.

Les meir hos Landbruksdirektoratet …
Les om tilskot hos Statsforvaltaren …

Godt grunnarbeid er viktig

– Det første ein må gjere når ein vurderer drenering, er å granske og analysere årsaka til vatnproblema. Ein må vite om jordforhold, undergrunn og terreng før ein bestemmer seg for tiltak, seier Sverre Heggset i Landbruk Nordvest. Han var gjesteførelesar på eit webinar Statsforvaltaren hadde for rådgivarar i kommunane tidlegare i vår.

For under jorda ein skal drenere kan det vere mange ulike typar grunn.

– Her kan vere berg, forvitringsjord, skredjord, morenejord, sand og grus eller myrjord. Fagfolk kan vurdere kor eventuelle oppkomme av vatn kjem, og korleis ein bør gripe an problemet, seier Heggset.

Vurdere utbetringar før ny drenering

Han meiner at ein bør vurdere andre tiltak en å drenere på nytt først.

– Viktige tiltak kan vere spyling av gamle grøfter, reperasjon av punkter i dreneringa som er tette, å grave opp att avskjeringsgrøfter som har tetta seg eller liknande.

Ragnhild Naug Aas, rådgivar hos Statsforvaltaren oppmodar også til å gjere utbetringar på eksisterande dreneringsanlegg dersom dette er mogleg.  

– Dette kan ein få tilskot til gjennom ordninga Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Om ein skal få tilskot til slike utbetringar, krev det tiltak som er meir enn vanleg vedlikehald av anlegget. Døme kan vere reperasjon av punkter i dreneringa, sikringstiltak og oppdimensjonering av anlegg grunna endra nedbørsmengder.

Drenering – for avling og miljø

Naug Aas seier god dreneringstilstand er viktig av fleire grunnar.

– Drenering aukar potensialet for avling og auka matproduksjon. Det reduserer faren for erosjon og avrenning frå jordbruksareal, noko som er med på å oppretthalde god vasskvalitet i vassdrag og vatnmiljø. Godt drenert jord slepp og ut mindre klimagassar enn vassmetta jord, seier ho.