Tilskot til drenering av jordbruksjord

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Oppdatert 17.02.2021

Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka jordbruksproduksjon, og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag.

Det kan gis tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte arealer. Les meir om tilskot til drenering av jordbruksjord på Landbruksdirektoratet sine nettsider. 

Statsforvaltaren skal:

  • Fordele middel til kommunane ut frå ei fylkesramme.
  • Følge med på forbruket av middel i kommunane og omfordele unytta midlar mellom kommunane.
  • Rettleie kommunane om regelverket for tilskot til drenering av jordbruksjord, om krava til sakshandsaming som følger av forvaltningslova og om bruk av fagsystemet Agros.
  • Behandle klagar på vedtak fatta av kommunane.
  • Rapportere årleg til Landbruksdirektoratet om prognoser og forbruk i fylket.

Forvaltning av ordninga

Kommunen gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfrist, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune for meir informasjon om ordninga.

 


Publisert 29.01.2021

Fordeling av kommunale rammer til drenering av jordbruksjord 2021

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fordelt ei samla ramme på kr. 6 640 000,- til kommunane til drenering av jordbruksjord.