Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.
Aldersvenlege samfunn
Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.
Statsforvaltaren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. Statsforvaltaren skal mellom anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.