Brennande hjarte for eldres matglede

Mat og måltid har vore viktig for mennesket til alle tider, og i alle kulturar. Måltida er ein felles samlingsarena for familie, venner, skule, arbeidsplass, høgtid, fest og sorg – ved livets mange hendingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2022

Lansering av Matgledekorpset

Tysdag 28. juni lanserte statsforvaltar Else-May Norderhus Matgledekorpset, på Bergmo omsorgssenter. Då flystreiken hindra Landbruksministeren i å delta, var det godt at stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen kunne stille som representant for regjeringspartia. Kjølmoen sa:

-Det er ei ære å få kome hit til Bergmo omsorgssenter, og presentere satsinga på Matgledekorpset. Regjeringa ønskjer å samle, synleggjere og utvikle Matnasjonen Norge. Matglede for heile befolkninga og fellesskap rundt måltida er viktig i dette arbeidet.

Kjølmoen viste til arbeidet i Landbruks- og matdepartementet dei siste 5-6 åra med å skape meir mat- og måltidsglede til særleg eldre menneske under overskrifta «Gyldne Måltidsøyeblikk».

Bak f.v. Hilde Oppigård (einingsleiar for Kirkebakken og Bergmo omsorgssenter i Molde kommune), Else-May Norderhus (statsforvaltar), Per Vidar Kjølmoen (stortingsrepresentant, ap), Frank Madsøy (direktør landbruksavdelinga), Grete Teigland (direktør helse- og sosialavdelinga), Brit Kari Eidseflot Hauger (assisterande landbruksdirektør) og Greta Irene Hanset (seniorrådgjevar hos statsforvaltaren). Fremst på biletet: Signe Indergård, beburar ved omsorgssenteret. Ho fekk teste ut maten som Matgledekorpset serverte. 
Bak f.v. Hilde Oppigård (einingsleiar for Kirkebakken og Bergmo omsorgssenter i Molde kommune), Else-May Norderhus (statsforvaltar), Per Vidar Kjølmoen (stortingsrepresentant, ap), Frank Madsøy (direktør landbruksavdelinga), Grete Teigland (direktør helse- og sosialavdelinga), Brit Kari Eidseflot Hauger (assisterande landbruksdirektør) og Greta Irene Hanset (seniorrådgjevar hos statsforvaltaren). Fremst på biletet: Signe Indergård, beburar ved omsorgssenteret. Ho fekk teste ut maten som Matgledekorpset serverte.  Foto: Elin Røshol / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen framheva også til Regjeringa sin Leve Heile Livet reform (Meld. St.15 – 2017-2018) som har  mat og måltid til eldre som eitt av fem satsingsområde. Kjølmoen sa:

-Målet er å skape gode måltidsopplevingar og redusere underernæring. God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet - gjennom heile livet.

Kvart måltid – dagens høgdepunkt!

Når helsa skrantar, og ein ikkje lenger greier å lage maten sin sjølv, blir det meir enn nokon gong viktig at maten er delikat og freistande. I denne livsfasa kan det vere vanskeleg å få i seg nok næringsrik mat. Ein viktig appetittvekkjar, med korleis maten ser ut og smakar, blir difor sentralt i denne fasa av livet.

Eit Matgledekorps med matentusiastar

Matgledekorpset er breitt samansett, med ulik erfaring og kompetanse.

F.v. kokk Merethe Bolstad, Rauma, Økonom Stian Røsand, Averøy/Kristiansund, ernæringsfysiolog Anna Øien Sønslien, Molde/Hustadvika, kokk Olav Jørgensen, Kårvåg/Kristiansund. Desse utgjer Matgledekorpset.
F.v. kokk Merethe Bolstad, Rauma, Økonom Stian Røsand, Averøy/Kristiansund, ernæringsfysiolog Anna Øien Sønslien, Molde/Hustadvika, kokk Olav Jørgensen, Kårvåg/Kristiansund. Desse utgjer Matgledekorpset. Foto: Elin Røshol / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Olav Kåre Jørgensen

er utdanna institusjonskokk og driv saman med Stian Røsand mellom anna Smia Fiskerestaurant, Mætt & Go Eteri og Landhandleri i Kristiansund, og Olsen-Naustet på Veiholmen. Desse driv han saman med Stian Røsand.

Stian Røsand

er utdanna økonom og «sjølvlært matvrak», slik Stian sjølv presenterer seg.

-Mine sterkaste matminne har eg frå eg besøkte bestemor mi, seier Stian. Å servere god mat var viktig for henne. Å servere god mat til eldre som ikkje lenger kan lage han sjølv, er meiningsfullt for meg no.

Anna Sønslien

er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og jobbar ved helsestasjonen og frisklivssentralen i Hustadvika kommune. I tillegg jobbar ho med heimetenesta, sjukeheim, boliger og kjøkken for å auke dei tilsette sin kompetanse om ernæring. I Matgledekorpset skal Anna bidra til å sikre god og næringsrik mat til dei eldre.

Merethe Bolstad

er utdanna kokk og har hatt Bent Stiansen som mentor på Holmenkollen Park Hotel. Ho har tilsaman 25 års erfaring som kjøkenleiar og kokk på Voll Omsorgssenter og no Rauma Helsehus.

-Eg er kry av kokkejakka mi og har ein enorm yrkesstoltheit, seier Merethe. Eg er glad i eldre og det er viktig for meg å møte dei for å høyre kva dei treng. Kjøkenet og avdelingane må jobbe i lag, slik at maten vert presentert skikkeleg og kan spreie matglede.

Tilbod om besøk av Matgledekorpset

Besøk av Matgledekorpset er eit tilbod til kommunar som ønskjer å setje mat og måltidsglede i fokus.

Norderhus oppfordrar kommunane til å søke om besøk innan 10. august 2022. Det er 5 kommunar som blir plukka ut til å få besøk av Matgledekorpset. Her finn du søknadskjemaet.

Matgledekorpset tilbyr kommunane eit besøk på sjuke- og aldersinstitusjonar. Korpset vil bidra med innsikt i korleis institusjonane kan skape gode smaksopplevingar hos eldre, kva som gir gode matminne, korleis skape hyggelege måltidsopplevingar og god ernæring.

Korpset vil inspirere tilsette ved kjøkken, avdelingar og leiing til samarbeid og bruk av deira felles kompetanse, slik at kvart måltid kan bli dagens høgdepunkt for bebuarane.

Else-May Norderhus sa i sin tale ved lanseringa av Matgledekorpset:

-God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet heile livet. Målet er å skape gode måltidsopplevingar og redusere underernæring hos eldre. Maten skal være tilpassa den enkelte sitt behov, og serverast i ei triveleg ramme. Mange eldre seier at måltida er dagens viktigaste høgdepunkt. Det viser behovet for større moglegheit til sjølv å velgje kva dei vil ete, når dei vil ete, og kven dei vil dele eit godt måltid med.

Statsforvaltar Else-May Norderhus helsar på Signe Indergård, bebuar ved Bergmo omsorgssenter.
Statsforvaltar Else-May Norderhus helsar på Signe Indergård, bebuar ved Bergmo omsorgssenter. Foto: Elin Røshol / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.