Behovsmelding for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage, grunnskole og SFO – 2026

Arbeidet med behovsmelding for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage, grunnskole og SFO i 2026 kan no starte opp. Her får du oversikt over kva som krevst, og kva fristar som gjeld.

Publisert 08.01.2026

Behovsmelding = søknad om tilskot

Du fyller ut behovsmeldinga på vegner av partnarskapet mellom eigarar og universitets- og høgskolesektoren. Ei behovsmelding er sjølve søknaden om tilskot i ordninga for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole.

Dette må du vite før du søker:

  • Ordninga er regulert av forskrift om tilskot til kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole. Den endelege forskrifta er ikkje fastsett, men innstillinga frå Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdirektoratet finn du her: Justert forskrift om tilskudd til kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole.
  • Du kan søke om midlar til prosjekt som går over fleire år, men du må levere ei behovsmelding for kvart år.
  • Du kan også søke om midlar til ein kartleggings- og analysefase.
  • Dersom du planlegg fleire kompetanseutviklingsprosjekt, skal du levere ei melding per utviklingsarbeid.
  • Du må søke og rapportere for kvart kalenderår. Midlar blir tildelte årleg. Det blir tatt atterhald om endringar i statsbudsjettet.

Behovsmeldinga skal innehalde

  • behovsvurdering og plan for partnarskapet
  • skildring av eigeninnsats frå eigar
  • korleis samiske perspektiv er ivaretatt
  • tiltak som styrker profesjonelle læringsfellesskap

Kollektiv kompetanseutvikling bør sjåast i samanheng med

  • vidareutdanning
  • leiarutvikling
  • rettleiing av nyutdanna lærarar
  • spesialiserte roller og funksjonar i kommunen

Dersom utviklingsarbeidet inngår i ein slik heilskap, bør dette kome fram i behovsmeldinga.

Koordinatorfunksjon

Det er mogleg å melde behov for midlar til koordinator, men i avgrensa omfang og knytt til kompleksiteten i arbeidet. Beskriv tydeleg

  • kor mykje av midlane som skal gå til koordinator
  • kva oppgåver midlane skal dekke

Lokale fristar 2026

  • 15. februar: Frist for partnarskapa for innsending av behovsmelding for nye og pågåande prosjekt (etter gamal ordning).
  • 31. mars: Frist for Statsforvaltaren til å gjere vedtak om tildeling av tilskotsmidlar for 2026.

Merk: Desse fristane gjeld for Møre og Romsdal i 2026. Sjå kunngjering på nettsida vår om Tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule

Slik sender du inn behovsmeldinga

Send inn behovsmeldinga ved å fylle ut og sende inn skjemaet Behovsmelding - kollektiv kompetanseutvikling 2026 (Møre og Romsdal)

Du må også sende inn budsjettabell til behovsmeldinga. Bruk denne malen: 

Budsjettmal (Excel)

Fyll ut malen og send ferdig utfylt budsjett til e-post sfmr-kompetanse@statsforvalteren.no  

Merk e‑posten med "Behovsmelding 2026" og legg inn kontaktinfo (namn og e-post) i sendinga.