Elevundersøkinga 2022

Resultata frå Elevundersøkinga hausten 2022 vart publisert 20. januar. Etter dette har mange skolar og skoleeigarar tatt kontakt om at dei har tilgang til færre resultat i år enn tidlegare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2023

Som følge av at Utdanningsdirektoratet (Udir) frå 2023 skal gå over til nye tekniske løysningar for Elevundersøkinga, vart det gjort nokre endringar frå gjennomføringa hausten 2022.

Mellom anna er det gjort justeringar som følge av GDPR-reglementet, som fører til at fleire skolar og skoleeigarar får prikka sine resultat om mobbing.

I tillegg er det gjort endringar i kva plattform resultata vert vist i. Resultat frå Elevundersøkinga finn ein no i statistikkbanken og analysebrettet. Desse verktya fungerar på ein annan måte enn rapportportalen.

Vi viser til e-post som Udir sendte ut til skoleeigarar og skolar 27. januar. I e-posten oppfordrar Udir sektor om å gje tilbakemelding på korleis de opplever visninga og kva dei kan gjere for å forbetre visinga. Dette skal gjerast ved å følgje lenke til skjema.

Sjå lenker i høgre marg.