Sensorskulering i grunnskulen 2018

Totalt 102 sensorar frå region Møre og Romsdal / Sogn og Fjordane deltok på årets skulering til sentralt gitt eksamen i norsk, engelsk og matematikk i grunnskulen som vart arrangert den 25. og 26. april på Hotel Alexandra i Loen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.05.2018

Kvar vår inviterer Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane alle sensorar som skal delta i sensuren for dei tre sentralt gitte eksamenane i grunnskulen til sensorskulering. Utdanningsdirektoratet ved fagansvarleg i norsk, Mette Thoresen, fagansvarleg i engelsk, Mary Ann Ronæs, frå fagnemnda i engelsk, Hilde-Merethe Ivarhus og frå fagnemnda i matematikk, Birger Laugsand og Camilla Therese Kvammen, sto for den faglege gjennomføringa.

Formålet med sensorskuleringa er at sensorane skal danne eit tolkingsfellesskap som skal sikre ei mest mogleg rettferdig og lik vurdering for alle elevar. Med «tolkingsfellesskap» meiner vi ei felles forståing i sensorkorpset om kva krav som vert stilt til elevene til eksamen. Eksamenskarakteren skal ikkje være avhengig av kva sensorar som har vurdert eleven sitt eksamenssvar. På sensorskuleringa nytta sensorane eit utval reelle eksamenssvar frå 2017 som utgangspunkt for å drøfte kva kompetanse kvart eksamenssvar viser, og kva karakter det einskilde eksamenssvaret skal ha ut frå nasjonalt fastsette kriterier. Tolkingsfellesskapet frå sensorskuleringa legg føringar for karaktersettinga av alle eksamenssvara i faget.

Fylkesmannen sine presentasjonar og Utdanningsdirektoratet sin presentasjon frå fellesøkta og fagsamlingane i norsk, engelsk og matematikk ligg i høgre marg.