Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Stad marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 12. mai 2022 (ny frist).
09.02.2022
Lars Sponheim er attende i 40 prosent stilling frå 10. januar, etter å ha vore sjukemeldt sidan mars 2021. Gunnar O. Hæreid held fram som fungerande statsforvaltar fram til Sponheim er i full stilling.
03.02.2022
Hausten 2021 kontrollerte vi kommunale avløpsanlegg som er omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.
02.02.2022
Etter ei samla vurdering stadfester Statsforvaltaren vedtaket i Øygarden kommune der Coast Center Base AS (CCB) ikkje blir pålagt å heve havarert flytedokk ved Ågotnes.
27.01.2022
Statsforvaltaren i Vestland har avgjort at initiativet til grensejustering frå innbyggjarar og næringsdrivande i gamle Romarheim-Urdal skulekrins i Alver kommune ikkje skal utgreiast vidare.
26.01.2022
Ein mann som falt ut av senga ved Førde sentralsjukehus døydde kort tid etter fallet. I vår tilsynssak har vi kome til at mannen ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. Sjukehuset hadde ikkje gode nok rutinar for kontroll av kvaliteten på sengene.
25.01.2022, Endret 28.01.2022
Vi har ført tilsyn med Bergen kommune. Temaet for tilsynet var rett og plikt til grunnskuleopplæring, privat heimeopplæring, og internkontroll etter kommunelova. Vi fann brot på alle desse temaa.
10.01.2022
I samband med barnevernsreforma har det kome fleire lovendringar. Målet er å sikre at barn og unge får god hjelp til rett tid og at dei får eit heilskapleg tilbod.
07.01.2022
Tømmerprisane er gode, skogen på Vestlandet vert hogstmogen, skogsvegnettet er vorte betre og interessa for trevirke aukar, men vi manglar regional trebasert industri.
I 2021 behandla Statsforvaltaren i Vestland 294 klagar på vedtak etter sosialtenestelova. Dette er 15 prosent færre enn året før, då vi behandla 344 klagar.
03.01.2022, Endret 07.01.2022