Ser vi ikkje skogen for berre tre?

Søndag den 21. mars er verdensdagen for skog. For å kunne møte klimaendringane, for å få frisk luft og reint vatn, og for å huse over halvparten av det fantastiske artsmangfaldet vi har i Noreg, treng vi intakte skogar.
Søndag den 21. mars er verdensdagen for skog. For å kunne møte klimaendringane, for å få frisk luft og reint vatn, og for å huse over halvparten av det fantastiske artsmangfaldet vi har i Noreg, treng vi intakte skogar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Skogen husar over halvparten av alle artar i Noreg. Han utfører vitale tenester for oss menneske og er heilt avgjerande i kampen mot klimaendringane

Publisert 19.03.2021

Søndag 21. mars er den internasjonale verdensdagen for skog. Vi vil markere dagen ved å løfte fram dei unike kvalitetane i skogane rundt oss. 

Variert skog = varierte bustader 

Alle treng vi ein plass å bu. I skogen er det rom i herberget til mange, men det er avhengig av at skogen er meir enn ei samling med tre. Dersom du går i ein planta granskog, der alle trea har lik alder og dei står pent og pynteleg på rad, vil du truleg sjå eit ganske lite mangfald av artar. Dersom du derimot går i ein skog med fleire sjikt i vegetasjonen, med ulik alder og form på trea, ulike treslag og varierte vekstar på skogbotn – ja, då vil du sjå og høyre eit mylder av ulike plantar, lav, fugl og dyr. Særleg ståande og liggjande døde tre er gull for sopp, lav og insekt. Det kan vere like mange innbyggjarar i ei død trestamme som det er personar i heile Bergen by!

Eit furutre kan dø like lenge som det er i live. Når det dør og korleis det dør er avgjerande for kva insekt, sopp og lav som flyttar inn eller nyttar treet i sin eigen livssyklus. Døde, store furutre er også flotte landskapselement, og kan være fine utkikkspunkt for fugl når dei skal finne middagsmat.
Eit furutre kan dø like lenge som det er i live. Når det dør og korleis det dør er avgjerande for kva insekt, sopp og lav som flyttar inn eller nyttar treet i sin eigen livssyklus. Døde, store furutre er også flotte landskapselement, og kan være fine utkikkspunkt for fugl når dei skal finne middagsmat. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Gull i grøne skogar 

Det er mykje gull i form av biomangfald i skog, for skogen husar 60 prosnet av alle landlevande artar i landet vårt. Stortinget har difor årleg sett av om lag 450 mill. kroner for å auke vern av verdifull skog i Noreg dei siste åra. Slik kan grunneigarar få kompensert det som er gull for landet, til å bli gull for dei. Frivillig skogvern er ei ordning der skogeigarar, heilt etter eige ønske, byr skogen sin til vern mot erstatning. Dette er noko av bakgrunnen til at skogvern er ei prioritert oppgåve for Statsforvaltaren i Vestland. 

Alm er eit tre som står på den norske rødlista, noko som betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp. Denne almen er i ferd med å spreie frøa sine over eit stort areal, og ekorn, fugl og ulike insekt er allereie i gang med å ete på dei næringsrike frøa.
Alm er eit tre som står på den norske rødlista, noko som betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp. Denne almen er i ferd med å spreie frøa sine over eit stort areal, og ekorn, fugl og ulike insekt er allereie i gang med å ete på dei næringsrike frøa. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Trugsmål mot natur 

Mange trur at klimaendringar er det største trugsmålet mot artar og naturtypar i landet vårt. Det er faktisk ikkje rett. Det er den store nedbygginga og endringa av areal som bidreg til at kjente og folkekjære fuglar, plantar og dyr går ei tyngre framtid i møte. Om skogen forsvann ville konsekvensane vore enorme for alt liv. Skogen gir oss reint vatn, frisk luft, lagrar karbon og hindrar erosjon. På verdsbasis har fire av fem artar tilhald i skogen. Vern av skog er den beste måten å ta vare på sjeldan, truga eller sårbar natur

Biologisk kartlegging i skog er viktig i ein verneprosess dersom grunneigar tilbyr skogen sin til vern. Statsforvaltaren prioriterer arbeidet med skogvern for å klare å nå målet om 10 % vern av skog i Vestland. Vi manglar framleis mykje skogvern før målet er nådd.
Biologisk kartlegging i skog er viktig i ein verneprosess dersom grunneigar tilbyr skogen sin til vern. Statsforvaltaren prioriterer arbeidet med skogvern for å klare å nå målet om 10 % vern av skog i Vestland. Vi manglar framleis mykje skogvern før målet er nådd. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kvifor vern?  

For å hindre tap av naturmangfald har dei folkevalde på  Stortinget vedteke ei kraftig opptrapping av skogvernet, og difor sett mål om å verne 10 prosent av all skog i Noreg. Skogvern er eit effektivt verktøy for å ta vare på leveområdet til spennande artar som til dømes hønsehauk, fuglekonge, huldrestry og hare. I skogen finn vi også mat, medisinar, ved og material til hus og heim. I Vestland har vi verna 3 prosent av skogen, og har framleis eit godt stykke att til målet om 10 prosent.  

Når det snør eller regner tek skogen opp store mengder vatn i jordbotnen. Overskotet renn nedover i landskapet i bekkar og elver og gir oss reint vatn. Utan skogen ville vatnet ha ført til erosjon og auka fare for ras og skred. Dette er noko av det vi kallar økosystemtenester.
Når det snør eller regner tek skogen opp store mengder vatn i jordbotnen. Overskotet renn nedover i landskapet i bekkar og elver og gir oss reint vatn. Utan skogen ville vatnet ha ført til erosjon og auka fare for ras og skred. Dette er noko av det vi kallar økosystemtenester. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Skogen bind mest karbon under bakken 

Vern av skog er eit viktig verkemiddel for å nå FN sine berekraftsmål nummer 13 og 15. Måla handlar om å stoppe klimaendringane, og varetaking av livet på land. Berekraftsmål nummer 13 handlar om å stoppe klimaendringane. Jamfør målet skal vi handle umiddelbart for å nedkjempe klimaendringane og konsekvensane av dei. Skogen er viktig i eit klimaperspektiv, fordi den bind store mengder karbon. Særleg gamal skog bind store mengder karbon i jorda. Gjennom vern av skog unngår vi nedbygging og tap av karbonrike areal.

Om lag 80 % av karbonet på land er lagra i jord, og det er skog, fjell og myr som har lagrar mest karbon av våre økosystem. Dette gjer skogen veldig viktig i arbeidet mot klimaendringane. Sjølv om skogvern kostar staten ein del årleg, er andre og meir tekniske løysinger for karbonfangst mykje dyrare.
Om lag 80 % av karbonet på land er lagra i jord, og det er skog, fjell og myr som har lagrar mest karbon av våre økosystem. Dette gjer skogen veldig viktig i arbeidet mot klimaendringane. Sjølv om skogvern kostar staten ein del årleg, er andre og meir tekniske løysinger for karbonfangst mykje dyrare. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi jobbar på lag med grunneigarane 

Berekraftsmål nummer 15 handlar om å ta vare på livet på land, mellom anna ved å stanse tapet av artsmangfald. Skogvern er eit viktig tiltak i arbeidet med å nå dette målet. Gjennom ordninga med frivillig skogvern kan skogeigarar tilby vern av eigen skog mot erstatning. Vi jobbar for tida med fleire skogvernprosjekt i heile fylket. Sjå lenkja i høgremargen for meir informasjon om frivillig skogvern og for å sjå nokre av skogane som er i offisiell verneprosess no.  

Vi ønskjer dykk ein god skogdag! Ta deg ein tur i frisk luft, og send skogen ein takk for rein luft og vatn, fuglesong, og for ly langs den fine stien du nyttar til tur og rekreasjon. 

Ein tur ut i skogen senker pulsen og kan redusere mentalt stress. Under pandemien er det mange som har vore meir ute i friluft enn tidlegare. Utan tre hadde det vore vanskeleg å henge opp hengekøya.
Ein tur ut i skogen senker pulsen og kan redusere mentalt stress. Under pandemien er det mange som har vore meir ute i friluft enn tidlegare. Utan tre hadde det vore vanskeleg å henge opp hengekøya. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.