Oppdrag nasjonalpark Øystesefjella

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å førebu prosessane omkring oppretting av tre nye nasjonalparkar, deriblant Øystesefjella nasjonalpark. 

Publisert 26.04.2022
Parti frå Øystesefjella.
Parti frå Øystesefjella. Foto: Nicolas Rodriguez ©.

Oppdraget vi har fått omfattar ikkje å starte formelle verneprosessar, men å gjere eit forarbeid før eit eventuelt formelt vernearbeid seinare. 

I startfasen

Fordi vi no er heilt i startfasen av oppdraget, føreligg det lite informasjon å dele. Vi prioriterer i første omgang å ha direkte dialog med politisk og administrativ leiing i kommunane og grunneigarorganisasjonar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar.

Informasjon

Til no har vi hatt møte med politisk og administrativ leiing i Kvam herad, Samnanger kommune og Vaksdal kommune. Gjennomført open informasjonskveld for grunneigarar i Øystese 4. april. Vi har informert om oppdraget for kommunestyret i Samnanger 7. april, og skal gjere det same i Vaksdal 10. mai og i Kvam 24. mai. Det har vore nytting for oss å få tidleg innspel og synspunkt på oppdraget.

Lokal aksept avgjer

Dersom det er lokal aksept frå dei tre kommunane for vidare utgreiing for vern, ønskjer vi å melde oppstart av verneprosess, slik at vi kan starte med kunnskapsinnhenting om naturkvalitetar i området og ikkje minst brukarinteresser og moglege konsekvensar av eit vern. Eit slikt arbeid vil vere ope og tilgjengeleg for alle og vil danne grunnlag for høyringsprosess og høve for uttalar frå alle som ønskjer det.

Bakgrunn for oppdraget

På oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomførte Statsforvaltaren ei naturfagleg vurdering og identifisering av område som kan bidra til å nå Stortinget sitt mål om representativt vern av norsk natur. Det var som svar på dette oppdraget i 1. februar 2019, at Statsforvaltaren rapporterte på at Øystesefjella kunne egna seg som nasjonalpark eller landskapsområde.

Vern av skog er ikkje ein del av mandatet for dette oppdraget, då skog i lengre tid blir verna gjennom ordninga frivillig skogvern. Derfor vil det mest berre vere fjellområda som vil bli vurdert vidare i dette arbeidet.

Skisse til utgreiingsområde for Øystese nasjonalpark (stipla linje). Kommunegrenser med grå strek. Fordi vi er heilt i startfasen av arbeidet, er verken utgreiingsområde eller forslag til vernegrense avgjort.
Skisse til utgreiingsområde for Øystese nasjonalpark (stipla linje). Kommunegrenser med grå strek. Fordi vi er heilt i startfasen av arbeidet, er verken utgreiingsområde eller forslag til vernegrense avgjort.

Lite inngrep i Øystesefjella

Fordi det generelt har vore lite utbyggingspress i fjellområdet, har det vore få kartleggingar av naturmangfald her. Derfor er også kunnskapsgrunnlaget om naturmangfaldet førebels dårleg. Ein svært viktig kvalitet er likevel at det er store inngrepsfrie areal. I tillegg er det stadvis registrert kalkrike område som gjev grunnlag for rik flora.

Erstatning og bruk

Når det gjeld erstatning ved eit eventuelt vern, er grunnregelen at dersom pårekneleg bruk vert forbode eller vanskeleggjort som følgje av eit vernevedtak, skal dei tapte rettane erstattast. Ved vern av område som nasjonalpark eller landskapsvernområde, vil ein i hovudsak kunne bruke områda som før til beiting, jakt, friluftsliv og elles vedlikehald av eksisterande bygningar og anlegg.

Fordelar og ulemper

Det vil alltid vere ulike grunnar for og i mot vern. Eit vanleg motargument er at eit vern er for alltid og at ein såleis kan gå glipp av moglegheiter i framtida ein ikkje kjenner til i dag. Argument for kan vere at det generelle «arealvernet» i fjellet står sterkt sjølv utan vern i dag, og «nasjonalpark» er eit klart kvalitetsstempel som også kan gje nye moglegheiter.

Lokal forvalting

Ved vern vil det også opne seg opp fleire inngangar for finansiering for ulike tiltak, alt frå betre og meir styrt tilrettelegging turstiar, skilting, parkering, restaurering av bygningar og skjøtsel av naturtypar for å nemne noko. Verneområde vil og verte forvalta lokalt i eit verneområdestyre med representantar frå kommunane og fylkeskommunen.

Vidare arbeid

Vi er no inne i fase to av totalt ni fasar i ein verneprosess (sjå illustrasjon ovanfor). Dette er ein informasjonsfase i dialog med kommunane, grunneigarar, næringsinteresser og interesseorganisasjonar. Statsforvaltaren anbefaler at kommunane avventar med å gje endeleg klarsignal om lokal aksept for vern eller ikkje, til eit verneforslag er utgreidd og konsekvensar av eit eventuelt vern vurdert.

Statsforvaltaren avventar førebels melding frå kommunestyremøta om det er lokal aksept til å sende ut oppstartsmelding. Etter det kan ein såleis starte utgreiing av naturkvalitetane og moglege konsekvensar for vernet, som grunnlag for verneforslag, lokal handsaming og offisiell høyring.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.