Ytre Hardangerfjorden kandidatområde for marint vern

Foto: Copyright Magnus Johan Steinsvåg.

Under overflata på kandidatområdet Ytre Hardangerfjorden ligg ein stor morenerygg som fungerer som ein terskel mellom ytre kyst og fjord. Her går ein kraftig botnstraum som gjev næring for eit rikt plante- og dyreliv. Eit av dei største dokumenterte korallrev på Vestlandet finst i kandidatområdet. I kandidatområdet veks også korallar som vanlegvis trivst i meir arktiske strøk. 

Frå sørspissen av Huglo og til øye Hille vest av Halsnøy ligg ein stor morenerygg på tvers av fjorden. Over terskelen går det ein sterk botnstraum, og denne gjev gode næringstilhøve og difor grunnlag for eit rikt og mangfaldig dyreliv. Her er det store førekomstar av korallar og svampar. Moreneryggen er ein israndavsetnad frå siste istid og er stor i nasjonal målestokk. Ytre Hardangerfjord er heim for mange heilt spesielle artar, og er difor foreslått som kandidatområde for marint vern. 

Arktiske korallar trivst i Hardangerfjorden

Inne i Husnesfjorden er fjorden meir enn 500 meter djup og har store førekomstar av fjørstjerna lofotsjølilje (Rhizocrinus lofotensis), ein djupvassart som veks på blautbotn. Denne er rekna som eit levande fossil, sidan denne gruppa berre tidlegare var kjent frå avleira fossiler. Den sjeldne bambuskorallen Isidella lofotensis lever også på botnen her. Den har eit ledda skjelett med lange, tynne «fingrar» og blir om lag 30 cm høg. Den veks veldig sakte. Begge desse artane er meir vanlege i arktiske havområde, og nemnte bambuskorall er berre registrert éin gang utanfor landegrensene våre.

Bukkarevet, sør for Bukkaskjeret i kandidatområdet, ligg på ein av tersklane i Hardangerfjorden og strekk seg fleire hundre meter i kvar retning. Havforskingsinstituttet (HI) meiner at korallrevet kan vere opptil fire tusen år gamalt. HI oppdaga korallane litt tilfeldig på Bukkarevet i 2019, og det var ei stund det største korallrevet oppdaga på Vestlandet. Korallane veks seint, kanskje 5 mm i året og er særs sårbare for øydelegging. Korallane på Bukkarevet er i god stand.

Foto: Havforskningsinstituttet.

Viktig leveområde for brisling og kysttorsk

Om lag ein fjerdedel av verdas kjente kaldtvasskorallar finst i Noreg, og desse er viktige oppvekstområde også for mange andre marine artar. Kandidatområdet Ytre Hardanger husar til dømes brislingbestanden i Hardangerfjorden i delar av året. Det er registrert eit regionalt viktig gytefelt for torsk mellom Flornes og Skorpo. I tillegg er det lista opp tre viktige oppvekst- og beiteområde for kysttorsk. Eitt rundt Ånuglo og Seløy, eitt aust av Huglo og eitt sør for Halsnøy kloster. Sjøkreps er også ein kjent art som trivst i området.

Foto: Erling Svensen.

Verneverdiar og verneføremål

Føremålet med å verne marine miljø er å ta vare på marine naturverdiar og økosystem. Meininga er at kandidatområda skal dekke variasjonsbreidda i norsk marin natur. Representative, særeigne, sårbare og trua marine naturverdiar i norske kyst- og havområder skal sikrast for ettertida og inngår i Noreg sine forpliktingar i internasjonale konvensjonar om ivaretaking av naturmangfald. Marint vern inkluderer botnen og botnlevande organismar, men også organismar i vassmassane der dei inngår i verneverdiane.

I Ytre Hardangerfjord er det særleg gradienten frå den artsrike og spesielle moreneryggen i grus og ned til blautbotnen på stort djup i Husnesfjorden som gir området særs høg verneverdi. Moreneryggen er ein spesiell geologisk førekomst med nasjonal betyding. Innafor området finn vi fleire sjeldne artar og naturtypar.

Hardangerfjorden har også stor verdi i forskingssamanheng, med mykje aktivitet. Det er særleg naturen og geologien knytta til fjorden og moreneterskel som er godt undersøkt, men forskarane gjer stadig nye oppdagingar. Ein veit meir om overflata på månen enn om botnen på fjordane våre.

Foto: Espen Rekdal.

Friluftsliv og kulturminne 

Det er spreidd busetnad og jordbruksverksemd rundt kandidatområdet. Ytre Hardangerfjorden er også eit populært rekreasjonsområde. Her er det mykje trafikk frå fritidsbåtar, og cruisebåtar bringer turistar på besøk innover for å sjå fjord, fjell og bre. 

Frå Leirvik-området er det kjente funn av nausttufter frå 500-talet. I hamneområdet i Leirvik er det registrert ein handelsstad, dessutan ei ballastrøys ved ein molo sør for dampskipskaia. Ved handelsstaden Storsøy er det registrert eit funn av kvernsteinar på havbotn. Namnet Jektevika kan indikere marine kulturminne. Sjå fleire på www.kulturminnesok.no 

Fiske på fritid og i næring

Ytre Hardangerfjorden har rike fiskeområde som blir nytta både til næringsfiske og fritidsfiske. Tradisjonelt fritidsfiske og fisketurisme er utbreidd i heile kandidatområdet. Fisket går føre seg heile året. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) vil vanlegvis kunne halde fram. Om det er særleg sårbare delar av området med førekomstar av t.d. korallar som kan ta skade av fiske, vil det vere strengare restriksjonar der.

Fiske etter pelagiske artar med not og trål i dei frie vassmassane vil ikkje ha effekt på verneverdiane. Nye fiskeri med ny reiskap som kan påverke botn bør ikkje vere lov. Det er i dag ikkje tråling av botnfisk i kandidatområdet og det er heller ikkje fiske med snurrevad. Fylkesmannen foreslår at taretråling blir forbode innafor heile kandidatområdet. Krevjande undersjøisk topografi gjer at det aldri har vore trålt kommersielt etter tare i kandidatområdet, men tare har enkelte stader vore hausta i mindre omfang med andre teknikkar.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Næringsaktivitetar

Det er ikkje lagt opp til restriksjonar på drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Dette gjeld mellom anna for akvakulturanlegg. Det finst i dag fleire oppdrettsanlegg i kandidatområdet, og endå fleire ligg i randsona utanfor grensa. Vernereglane vil ikkje ha konsekvensar for ordinær drift av desse verksemdene. Nye anlegg og utvidingar av eksisterande anlegg må vurderast etter same kriterier som elles på kysten, og må sjølvsagt vere i samsvar med miljørettsprinsippa i naturmangfaldlova.

Berekraftig og skånsam hausting av skjel kan bli lov om det ikkje vil ha negative følgjer for verneverdiane. Forskrifta legg opp til å halde området mest mogleg upåverka av havbeite. Hausting av naturlege bestandar på ein berekraftig måte vil ikkje bli forbode gjennom vernet.

Når det gjeld skjelskraping skal dette i utgangspunktet ikkje vere lov. Inngrep på botnen må ein unngå, som til dømes uttak av massar som skjelsand, sand og grus. Mindre uttak av sand til eige bruk for tilgrensande grunneigarar vil vere lov etter løyve frå Fylkesmannen. Deponering av massar er det heller ikkje opna for i forskrifta, då dette kan virvle opp grums som reduserer kvaliteten på livsmiljøet for artane. 

Skipstrafikk og akvakultur

Hardangerfjorden er ein viktig hovudled med mykje cruisetrafikk og lastetransport til og frå industristadane i Hardanger. I kandidatområdet er det ikkje registrert fiskerihamner eller ankringsområde. 

Det er fleire lokalitetar for produksjon av matfisk som laks og aure, dyrking av blåskjell og havbeite med dyrking av kamskjell i og i randsona for kandidatområdet. Avgrensinga av kandidatområdet har blitt endra for å ta omsyn til denne næringa. Det har ikkje vore tarehausting i området i lang tid.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vernegrensa

Det føreslegne marine verneområdet dekker eit sjøareal på omlag 67,8 km2 med grense mot land langs djupnekote 2 m under sjøkartnull. Verneområdet femner om overflata, vass-søyla og sjøbotnen.

Vernegrensa følgjer marebakken på 2 meter djupne med unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Staten eig området frå marebakken og nedover, så i utgangspunktet vert ingen private grunneigarar råka direkte. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova der kommunen er forvaltningsmynde. 

Prosessen for Ytre Hardangerfjorden

Området Ytre Hardangerfjorden, i lag med to andre kandidatområde Krossfjorden og Lurefjorden – Lindåsosane, vart starta opp som verneprosess i februar 2015. Etter oppstart og høyring vart ei tilråding sendt i 2017 frå Fylkesmannen til Miljødirektoratet. Avgrensinga av Ytre Hardangerfjordenområdet på kart er justert i løpet av prosessen av omsyn til akvakulturnæringa, det er også gjort endringar og klargjeringar i vernereglane undervegs i prosessen. Verneframlegget ligg for tida i Miljødepartementet i påvente av endeleg avklaring.

Meir informasjon om kandiatområdet finn du i lenkja oppe til høgre. Nyhendesaker og oppdateringar vert lagt ut på sida verneområde her hjå Fylkesmannen i Vestland. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.