Nye naturreservat i fylket femner om edellauv i Årdal og regnskog i Kinn

Mann peiker med stokk mot skog
Grunneigar fortel om historisk bruk av det store arealet han ønskjer å ta vare på for framtida. I ein verneprosess er det viktig å få fram både fagkunnskap om området, til dømes om artar og naturtyper, men også erfaringsbasert kunnskap frå grunneigar og andre brukarar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Vi finn frisk rik edellauvskog og fattig boreonemoral regnskog i skogen i Vestland som fekk varig vern denne veka. Nasjonalt fekk 42 skogområde tittelen naturreservat, og to av desse ligg i fylket vårt i kommunane Årdal og Kinn. 

Publisert 23.06.2023

Over 10 000 nye dekar med verna skog i fylket

Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald, har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Noreg. Til no er om lag fem prosent av skogen verna nasjonalt, og i Vestland fylke er talet i overkant av tre prosent. Lykkja naturreservat i Årdal og Osøyra naturreservat i Kinn er to skritt nærmare målet. Dei to utgjer til saman 10 442 dekar.

Dei to naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern, og er resultat av eit godt samarbeid mellom grunneigarar, AT Skog, Norskog og Staten.

Frivillig skogvern er resultat av eit samarbeid med grunneigar om å ta vare på verdifull natur

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den aktuelle framgangsmåten for å verne om viktig naturmangfald i skog. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar som tilbyr staten område for vern. For staten er det viktig at området inneheld viktige miljøverdiar. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har tilbode staten frivillig vern av skogen. Les meir om frivillig skogvern på heimesidene våre.

Eit tre med eit hol i stamma
Denne gamle almen lever og dør i Lykkja i Årdal, eitt av områda som no er verna ved kongeleg resolusjon. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Lykkja naturreservat i Årdal husar raudlista artar knytt til gamle almetre

Lykkja er ein del av eit større, typisk edellauvskogsmiljø i fjordliene i Indre Sogn, og ligg i kort avstand frå Utladalen landskapsvernområde. Skogen ligg i hovudsak i sørboreal sone og strekk seg frå 50 moh og opp mot fjellet til 725 moh. Området er dekka av skog, med ein del rasmark og enkelte små bekkedrag i tillegg til eit fuktig parti i nedre del.

I edellauvskogen er det frodig med lågurt- og høgstaudepreg. Det er registrert fire raudlista artar knytt til edellauvskogen, mellom anna fire raudlista artar knytt til alm. Desse omfattar tre med almebroddsopp (VU), samt eit par tre med bleikdoggnål (NT), almekullsopp (NT) og almelav (NT). Det er også registrert eit par funn av rustbrun parasollsopp (VU) og eitt av styltejordstjerne (NT).

Gråor-almeskog er registrert i Lykkja, noko som inngår i den raudlista naturtypen frisk rik edellauvskog (NT). Denne naturtypen er mangelfullt dekt av skogvernet i fylket, og bidreg til å gjere skogvernet i Vestland meir representativt.

Lykkja har potensiale for auka naturkvalitetar over tid og ved grundigare kartlegging i skogvernarealet innover mot Utladalen. I skogvernet i Vestland manglar vi skog i sørboreal vegetasjonssone, noko Lykkja også bidreg til å dekke. Lykkja inkluderer i tillegg noko fuktskog i form av gråor-heggeskog i nedre delar, som også er ein naturtype vi manglar i skogvernet i Vestland. 

Lykkja vil kunne tene som referanse- og forskingsområde for påverknaden av fluor- og luftureininga frå industrien i Årdal. Verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 11/5, 11/1, 11/4 og 11/3 i Årdal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar og Årdal kommune, og har ein storleik på 1685 dekar.

Flyfoto med skog og fjell og utløpet av ei elv
Osøyra er eit uvanleg stort område som no er verna gjennom ordninga frivillig skogvern. Den nesten 9000 dekar store skogen er leveområde for både truga artar og naturtypar, og eit vern vil bidra til ta vare på naturmangfaldet i framtida. Foto: Johan Trygve Solheim.

Osøyra naturreservat i Kinn er stort og inneheld ulike typar vestnorsk regnskog

Osøyra ligg i eit mildt og kystpåverka landskap søraust for Florø. Innslaget av regnskogsartar er høgt til å ligge så langt nord og for enkelte artar er det både geografiske interessante registreringar og nasjonalt viktige bestandar. Osøyra dekker viktige manglar i skogvernet i Vestland.

Verneområdet ligg langs ein gradient frå lågareliggjande område til høgareliggjande areal på begge sider av dalføret og har høge kvalitetar både i storleik og arrondering. Innanfor vernegrensa er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar. To av desse er store, gamle (hole) tre av eik. Fem naturtypelokalitetar er regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Det er registrert fleire sjeldne, trua og sårbare artar, som til dømes fossegrimemose og praktdraugmose. Dei mange lokalitetane av vestnorsk regnskog i verneområdet er spesielt, då det både er fattig boreal fururegnskog og gamal kystfuruskog i blanding.

mose på bergvegg med furutre i bakgrunnen
Den raudlista regnskogsarten praktdraugmose (NT) er registrert på Osøyra, som her veks på berget til venstre på biletet. Det er fleire interessante funn av mose og lav i det verna området som alle treng høge nedbørsmengder for å trivast. Den svært sjeldne grå buktkrinslav er også registrert her. Dette er ein sjeldan regnskogsart som her truleg veks på si kjente nordgrense i Noreg, og som saman med ein forekomst på Svanøy ser ut til å utgjere isolerte utpostlokalitetar. Det er potensiale for å finne fleire krevjande artar her. Foto: Geir Gaarder.

Vestnorsk regnskog er ein skogtype Noreg har eit særleg forvaltingsansvar for, og som dermed også gjer området verneverdig. Både boreal regnskog med furu og fattig boreonemoral regnskog bidreg til å sikre eit meir representativt utval av skog i fylket for framtida. Det er ein del gran i sentrale delar av området som trugar verneverdiane, og med status som naturreservat vil vi kunne gjere tiltak som sikrer naturskogen og dei sjeldne artane. 

Tidlegare Flora kommune er eit viktig område for regnskog i Noreg, og lokalitetane på Osøyra er ein del av eit større nettverk av regnskogskvalitetar i regionen. 

Heile verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar. Arealet har ein storleik på 8757 dekar, der 6800 dekar er skogdekt og av det er 3100 dekar produktiv skog. 

Kvifor vernar vi skog?

Om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Endring eller øydelegging av areal er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Knudrete gamalt tre
Alm er eit tre som står på den norske raudlista, det betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp, slik ein ser spor av på dette gamle, døande treet i Lykkja. Det er meir liv i eit dødt tre enn eit levande, men vi treng tre i alle livsfasar for å sikre naturmangfaldet. Seks av ti landlevande artar i Noreg treng skog for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm..

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet. 

Grunneigarane vil framleis ha rett til å ha beitedyr i området, og til å utøve jakt og fiske. Ålmenta vil framleis kunne plukke matsopp og bær og drive enkelt friluftsliv. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. For å lese vernereglane i det enkelte området kan du følgje lenkja til høgre. Vernereglane blir også tilgjengeleg på Lovdata og via Naturbase i løpet av kort tid. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.