Naturrestaurering på Rongevær

I tett samarbeid med grunneigarar har vi tilbakeført kystlandskapet ved Rongevær i Austrheim. På biletet ser vi Sveholmen før og etter fjerning av sitkagran. No kan både beitedyr og sjøfugl nytte øyane.
I tett samarbeid med grunneigarar har vi tilbakeført kystlandskapet ved Rongevær i Austrheim. På biletet ser vi Sveholmen før og etter fjerning av sitkagran. No kan både beitedyr og sjøfugl nytte øyane. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Olav Overvoll.

Med velvilje frå gunneigarar kan vi restaurere viktige kystlandskap. No er det håp om at sjøfugl kan kome tilbake til Kuøyni. Les historia om eitt av naturrestaureringsprosjekta i fylket. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2022

Det har kanskje vore kyr på Kuøyni ein gong, men det er i så fall lenge sidan. Det har definitivt vore sjøfugl der. No er det håp om at måsane kan kome tilbake.

Ivrig grunneigar tok kontakt

I 2019 kontakta grunneigar Øystein Rongevær oss hos Statsforvaltaren med spørsmål om vi hadde nokre midlar til å realisere eit tiltak han ivra sterkt for. Vi hadde stor sans for tiltaket, men pengar hadde vi dessverre ikkje då. Øystein er ein av grunneigarane på øygruppa Rongevær i Austrheim kommune, og tiltaket han ivra for var å fjerne større mengder sitkagran i området.

Sitkagrana vart planta på Rongevær tidleg på 1970-talet, men er ikkje så populær der i dag, verken blant folk eller fe (eller fugl).

Planting av tre har vore ein viktig del av kvardagen til skulebarn gjennom fleire tider.  Skogreisinga skulle sikre økonomisk vekst og bidra til å byggje landet. Sitka er det mest debatterte treslaget her i landet, og er av Artsdatabanken kategorisert med svært høg risiko for det norske naturmangfaldet grunna spreiingsfare.
Planting av tre har vore ein viktig del av kvardagen til skulebarn gjennom fleire tider. Skogreisinga skulle sikre økonomisk vekst og bidra til å byggje landet. Sitka er det mest debatterte treslaget her i landet, og er av Artsdatabanken kategorisert med svært høg risiko for det norske naturmangfaldet grunna spreiingsfare. Foto: ukjent/Nasjonalbiblioteket.

Det er kostbart å drive ut tømmer i havgapet

Det er kostbart å drive ut skog, og særleg er driftskostnadane store når skogen står på vêrharde øyer ute i havgapet. Øystein var godt klar over dette. Like fullt gjennomførte han tiltaket utan forpliktande stønad frå Statsforvaltaren, vel vitande om at han ville få eit sekssifra underskot.

Skogen vart hogd, tømmeret vart frakta vekk og omsett, og alle var i ettertid godt nøgde med resultatet. Kanskje banken til Øystein ikkje var like nøgd, men Statsforvaltaren kunne bidra med eit avgrensa tilskot året etter, slik at underskotet vart noko redusert.

Sjøfugl likar ikkje skog

Det stod likevel sitkagran att i området. Ikkje på sjølve Rongevær, men på naboøya Kuøyni. Det er dei same grunneigarane her som på Rongevær, men skilnaden er at delar av Kuøyni vart verna som sjøfuglreservat i 1987.

Det hekka ein del gråmåse på Kuøyni i 1980, det var difor området vart verna i si tid. Men måsane flytta til Kjørholmane få år seinare. Vi veit ikkje sikkert kvifor, men det kan vere fordi sitkagrana (som også her var planta rundt 1970) hadde vakse seg så stor at måsane vart fortrengt.

Ved å følgje denne lenkja kan du sjå filmen om framande treslag i verneområde. 

Når grana får kongler spreier trea seg over større areal

I ettertid har sitkagrana på Kuøyni vakse seg større, men den står grunnlendt og vart aldri verdfullt vyrke. Men trea er i høg grad kongleproduserande, så sitkagrana har i ettertid spreidd seg over heile holmen. Når grunneigarane allereie har gjort ein stor eigeninnsats for å handtere utfordringa på sjølve Rongevær, vart det litt spesielt at einaste staden det stod att sitkagran, var i naturreservatet!

Difor søkte vi Miljødirektoratet om midlar til å få fjerna plantefeltet også her. Det fekk vi, og denne våren har også Kuøyni blitt skoglaus. Slik den var før 1970.

Det var ikkje så lett å komme seg fram på Kuøyni med den rasktveksande, tette sitkaskogen. No er øya blitt skoglaus, slik den var før den var tilplanta i 1970.
Det var ikkje så lett å komme seg fram på Kuøyni med den rasktveksande, tette sitkaskogen. No er øya blitt skoglaus, slik den var før den var tilplanta i 1970. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Olav Overvoll.

Kystlynghei og beitedyr 

På Kuøyni er tilkomsten langt meir krevjande enn på Rongevær, så det ville vere direkte risikabelt å ta ut tømmeret ved hjelp av lekter, slik ein gjorde på Rongevær. Helikoptertransport var einaste forsvarlege alternativ, men flydistansen ville vore lang, og kostnadane difor urimeleg høge. Dertil var storparten av skogen småvaksen, og den kommersielle tømmerverdien var liten.

På Kuøyni er difor all sitkagrana hogd opp til flis, som ligg att inne i plantefeltet. For naturen sin del er dette heilt greitt – det vil bli lynghei og beitemark her om nokre år – men vi prøver normalt å gjere positiv nytte av tømmeret når vi gjennomfører restaureringstiltak av denne typen.

Mats Stalheim hos Haugsvik Skog AS ser utover øya han har fått i oppdrag om å rydde fri for bartre. Det som ikkje kan nyttast blir hogd opp til flis. Om få år vil lyngheiene dominere på ny.
Mats Stalheim hos Haugsvik Skog AS ser utover øya han har fått i oppdrag om å rydde fri for bartre. Det som ikkje kan nyttast blir hogd opp til flis. Om få år vil lyngheiene dominere på ny. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Stein Byrkjeland.

Framleis frø i frøbanken, men dugnaden er i gang for kystlandskapet

Statsforvaltaren og grunneigarane er godt nøgde med resultatet. No skal grunneigarane få beitedyr tilbake på Kuøyni. Det er heilt nødvendig, elles vil det kome opp mange nye skot av sitkagran frå frøbanken som ligg i bakken.

Om sjøfugl kjem tilbake hit for å hekke, er uvisst. Det er generelt mykje mindre sjøfugl i dag enn då dei flytta frå denne øya, les gjerne meir om sjøfuglbestandane i dei to sakene vi har lenkja til i høgrefana. Måsar er avhengige av opne areal på øyer for å kunne hekke. Det har dei ikkje hatt på Kuøyni i fleire tiår, men no har dei i alle fall det!

I same rennet, når ein først hadde utstyr og mannskap i området, vart sitkagrana på Sveholmen hogd på same måte. Dermed er no heile øykomplekset rundt Rongeværet frie for sitkagran, med unntak av spreidde småtre, som vil bli fjerna ved dugnadsinnsats i tida framover.

Her har ein fiskemåse bygd reir i ein vedstabel. Endring i hekkebestand har, sidan sjøfuglteljingane vi starta med i 1995, vore på -63%. Den har status sårbar på den norske raudlista.
Her har ein fiskemåse bygd reir i ein vedstabel. Endring i hekkebestand har, sidan sjøfuglteljingane vi starta med i 1995, vore på -63%. Den har status sårbar på den norske raudlista. Foto: Tore Larsen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.