Første naturreservat med frivillig skogvern i Stad kommune

Grunneigar kikar ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. På den andre sida av fjorden ligg Ålfotbreen landskapsvernområde høgt til fjells. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kudalen ligg like aust for Hunvika i Stad. Området vart i dag verna i statsråd som naturreservat, som det første frivillig skogvern-området i kommunen. Eit av verneføremåla er å ta vare på store, gamle tre med hengjelav. 

Publisert 20.12.2023

Kudalen naturreservat omfattar eigedommane med gards- og bruksnummer 18/1-4 og har eit areal på lag 1578 dekar. Området har gammal furuskog med bjørk og osp. Mykje lungenever og hengelav er jamt fordelt i området som vart kartlagt. At området ligg i boreonemoral sone, delvis lokalisert i lågareliggjande område og har ein del areal på høgare bonitetar gjer i tillegg området relevant i vernesamanheng. Kudalen har regionale til nasjonale verneverdiar (**/*** stjerner).

Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er litt meir enn fem prosent av skogen verna, og i Vestland fylke er talet dryge tre prosent. Kudalen som naturreservat bidreg til å komme vidare i arbeidet med å verne naturskog i fylket. 

Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen naturreservat har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigaren sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaket som no er godkjent i statsråd er resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern. Les meir om frivillig skogvern ved å følgje denne lenkja.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Kjuker er sopp som lever på tre. Nokre er parasittar på levande tre, men dei fleste lever av å bryte ned døde eller døande tre. Når veden blir brutt ned kan andre artar nytte treet betre. Utan kjuker blir det rett og slett færre stadar å leve for dei mange artane som trivst i skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Verneformål

Føremålet med naturreservatet er å ta vare på ei sørvendt fjordside frå fjord til fjell som inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur, med eit mangfald av artar, vegetasjonstypar og økologiske prosessar. Området har gamal furuskog med bjørk og osp, og mykje trelevande lav. Området inneheld mykje daud ved og har eit stort potensial for sjeldne og krevjande artar.

Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, med stadeigne artar og naturtypar og naturleg skogdynamikk, og eventuelt vidareutvikle dei.

Her er pressemeldinga frå Klima- og miljødepartementet. Foredraget til kongeleg resolusjon vil også bli lagt tilgjengeleg der.

Oversikt over vernevedtak som er gjort i statsråd den 20. desember 2023.

Takk til grunneigarane

Avslutningsvis ønskjer vi å rette ein spesiell takk til både grunneigarane og kommunen for at dei over lang tid har hatt ein klok og framtidsretta bruk og arealforvalting av områda. Dette har sikra viktig natur for framtida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.