Høgt svinn av verdifulle våtmarker

Person kikker ned i vasspeglet mens sola skin.
Våtmark er truleg vår mest truga naturtype i landet, det same gjeld i global skala. Også i Vestland er våtmarkene i rask nedgang. Inngrep som trugar våtmarker er tørrlegging, utfylling, utbygging, oppdyrking, vassdragsregulering, hamneanlegg og forureining. Foto: Rein-Arne Golf.

Våtmark er viktig for flora, fauna og som karbonlager. I tillegg gjev våtmarkene oss reint vatn, dempar flaumar og gjev grunnlag for rekreasjon. For Vestland har det vore ei betydeleg negativ utvikling i både areal og økologisk tilstand for våtmark.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2023

I samband med verdas våtmarksdag den 2. februar ønskjer vi å løfte denne spesielle naturtypen fram i lyset. For kva er eigentleg våtmark?

Våtmark er ein levestad for tusenvis av artar

Våtmark er område der land og vatn møter kvarandre. Det kan vere både myr, sumpmark, våtsnøleie, fukthei, grunne tjern og innsjøar, aktive deltaområde, strandenger, grunne bukter og viker langs kysten. Felles for våtmark er at det er leveområde for eit stort mangfald av artar. Både fisk, fugl, insekt og planter, lav og sopp trivst her. Trass i at 10 prosent av landet vårt er våtmark, er 14 prosent av Noreg sine truga artar knytt til desse naturtypane.

Vannymfe kikker på deg frå baksida av eit strå
Eit stort mylder av insekt treng våtmark for å finne mat, finne skjul og føre arten vidare. Her har ei blåvannymfe funne kvile på eit strå. Eller er den kanskje på jakt? Vannymfene er ei delgruppe av augestikkarar, og du finn dei nært det meste av vatn. Visste du at augestikkarar fanst på jorda allereie før dinosaurane si tid? Foto: Tore Larsen.

Det er ein nasjonal strategi å restaurere minst 15 prosent av forringa vassdrag i Noreg i perioden 2021–2030. Men klarar vi å reparere vassdraga i fylket vårt raskare enn dei blir forringa? 

Myr lagrar enorme mengder karbon

Ulike typar våtmark har ulike økologiske funksjonar. Myr bind CO2, og det er rekna at norske myrar lagrar minst 950 millionar tonn karbon. Dette klarar myrane på berre 5 prosent av landarealet i landet vårt! På desse små frimerkene i landskapet blir det altså lagra tilsvarande mengde karbon som det norske årlege klimagassutsleppet i 65 år, etter dagens utsleppsmengder. 

Myr reduserer verknadane av eit villare klima

Myrar held også attende vatn, slik at flaumane vert jamna ut. Elvar og elvenære flaummarker og sumpar har ein liknande funksjon, der desse våtmarkene tek imot vatn ved flaum og gjev det attende til elva i tørrare periodar. Alle desse naturtypane er viktige for eit stort mangfald av artar, i tillegg til nytteverknadane for oss.

Elv renner langs myr med spisse fjell i bakgrunnen
Myrar held attende store mengde vatn, slik at flaumane vert jamna ut. Det er varsla både meir styrtregn og meir langvarig tørke i framtida sitt klima. Då er det eit viktig klimaomstillingsarbeid å unngå nedbygging av våtmark, og restaurere øydelagde område. Foto: Maria Knagenhjelm.

Våtmarka reinsar drikkevatnet vårt og reduserer ureining

Våtmark er avhengig av vatn, og det har mykje å seie kva som skjer i tilsigsområde og på tilstøytande areal. Både mengda og kvaliteten på vatnet er viktig for våtmarkene. Ein rapport har nyleg estimert at våtmark reinser vatn til ein verdi på kr 4000 per dekar per år. Reinsing av vatn er noko av det vi kallar økosystemtenester. 

Avrenning frå jordbruk og andre ureiningskjelder vil kunne få større konsekvensar i ferskvatn dersom vatnet først blir filtrert gjennom våtmarksområde.

Flyfoto frå gamal og ny tid ved sidan av kvarandre
Flyfoto av utløpet av Jølstra i Førdefjorden frå 1965 i svart-kvitt til venstre og frå år 2020 i farge til høgre. Fleire før- og nobilete finn du nedst i artikkelen. Foto: Fylkesatlas.

I naturtilstanden vil elvar ofte endre løp frå tid til anna, og danne både flaummarkskog og attliggjande elveløp som utviklar seg til eigne naturtypar med levestader for mange artar. Slik dynamikk kjem derimot lett i konflikt med omsyn til busetnad og infrastruktur.

Verdas våtmarkar er truga, og i Vestland står det ikkje betre til

Våtmark er i dag ein av dei mest truga naturtypane globalt, og vi mistar våtmark tre gonger så fort som vi mistar naturskog. Dei siste 120 åra har 54 prosent av våtmarkene i verda gått tapt som følgje av nedbygging, oppdyrking og andre arealendringar.

En øyenstikker sitter på et strå med en nymfe foran seg
Det står dårleg til med leveområda til lita torvlibelle (på biletet) og andre artar som treng våtmark, og globalt har nær 90 % av alle våtmarkar forsvunne sidan 1700-talet. Det er ei langvarig negativ utvikling, og vi nærmar oss no eit kritisk nivå. Også i Noreg har våtmarkene blitt øydelagde og landet har forplikta seg til å redusere nedbygginga. Foto: Tore Larsen.

Sidan år 1700 har 87 prosent av alle verda sine våtmarkar gått tapt globalt. Tapet som pågår no er såleis framhald av ei langvarig negativ utvikling. På den norske raudlista er 19 av naturtypane i kategorien våtmark. Då er det ikkje rart om vi nærmar oss eit kritisk nivå. Endra arealbruk er den viktigaste årsaka. 

Også i Noreg er store delar av dei opphavlege våtmarkene øydelagde eller i dårleg tilstand. Dette skuldast først og fremst oppdyrking og nedbygging, utretting av elvar, oppdemming, drenering og torvuttak.

Elvedelta er kanskje noko som det har forsvunne mest av, sidan dette er stader der vi menneske gjerne har etablert oss med tettstader, hamner og mykje anna.

Myr med nokre furutre ståande foran eit tjern. Skogkledt fjellside i bakgrunn med lågt skydekke.
Myrane er også viktige historieforteljarar. Forskarar kan leite i djupe myrar for å analysere fortida sin vegetasjon gjennom å analysere pollen, trebitar, brannspor osv. frå fleire meters djup. Fordi myra ikkje slepp luft til dei nedre torvlaga blir alt konservert, og det er både funne kulturminne og folk (!) frå vår tidlege historie som gjev ny kunnskap til historiebøkene. Foto: Maria Knagenhjelm.

Sjå bilete av utvalde stadar i fylket nedst i artikkelen, og kor mykje som har endra seg berre i levetida til mange av oss!

Verdas våtmarksdag vert markert den 2. februar kvart år

På denne dagen vart Ramsarkonvensjonen vedteken i 1971 i byen Ramsar i Iran. Frå opphavleg å konsentrere seg om å vareta våtmark som leveområde for vatnfuglar, omfattar konvensjonen i dag også varetaking av våtmarker i breiare forstand; både som leveområde for flora og fauna, og som viktig naturressurs for menneske. 

Ramsarkonvensjonen forpliktar medlemslanda til å samarbeide internasjonalt om våtmarksvern, og å forvalte eigne våtmarker som er internasjonalt viktige på ein måte som tek vare på den økologiske funksjonen deira. Konvensjonen krev også at medlemslanda forvaltar våtmarkene på ein fornuftig måte i arealplanlegginga, medrekna kartlegging og vern i form av verneplanar.

Vi har fleire verkemiddel for våtmark no enn før

I juni 2021 la regjeringa fram ein naturstrategi for våtmark (sjå lenkje i denne artikkelen). Målet er å bremse nedbygginga vi framleis ser, i tillegg til å utbetre den dårlege økologiske tilstanden mange våtmarker slit med. Dette ansvaret er spreidd på mange ulike sektorar i samfunnet.

to gutar går over ei kloppebru med grønt landskap og fjell
Tiåret vi no er inne i er peikt ut av FN som tiåret for naturrestaurering, og varar fram til 2030. Korleis kan vi ta vare på våtmarksområda slik at framtidige generasjonar også kan få nytte og glede av dei? Foto: Maria Knagenhjelm.

Korleis verne om våtmark utan nødvendigvis å gje den vernestatus?

Vi har ein del verna våtmark, men det manglar framleis mykje for å få eit representativt vern på desse naturtypane. Arbeidet vårt i Vestland med bevaring av verdifull natur gjennom supplerande vern skal bidra til å auke tal våtmarker som får vernestatus. Du kan lese meir om dette arbeidet på heimesidene våre under lenkja Nye verneområde.

Dei mest truga våtmarkstypene kan også bli sikra gjennom å bli utvalt naturtype, og i dag har slåttemyr status som utvalt naturtype. 

Vi er i gang med restaurering av myrar, men det tek tid

Restaurering av våtmark er viktig for å snu den negative utvikling. Så langt er det ikkje mykje som er gjort i Vestland fylke, men vi kan vise til nokre prosjekt i verna område. Gjerlandsøyane naturreservat i Sunnfjord er eit verneområde som hadde dårleg økologisk tilstand. Dette og mange tilsvarande myrområde vart på 50-talet kalt "vassjuk" mark og drenert for å betre forholda for skogbruket.

Bilde til venstre med bekk gjennom dyp grøft og bilete til høgre med flat brun jord med fjell i bakgrunnen
Bilete frå Gjerlandsøyane i Haukedalen før (juni 2018) og etter restaurering (oktober 2019). Til høgre viser den djupe drenerande grøfta som gjer at våtmarka mistar sitt "våte" element og såleis endrar heile økosystemet. Til høgre har gravemaskinene nyleg vore i reservatet for å grave att grøfta. Sjå neste bilete for å sjå resultatet etter to års naturleg revegetering! Foto: SNO/Liv Byrkjeland.
Person i myr med masse gras rundt seg
Etter to år med auka vasstand har myra fått tilbake mange av funksjonane sine att. Statens naturoppsyn jobbar både med tilrettelegging for myrrestaurering og føl opp med overvaking av naturtilstanden i ettertid av tiltak. Foto: Statens naturoppsyn/Liv Byrkjeland.

Då restaureringsprosjektet vart sett i gang i 2019 vart tidlegare tiders djupe grøfter gravd att og vasstanden heva. Her er det same området etter at naturen har fått lov å ta området attende, og vasstanden er høgare.

Det er lettare å restaurere myr i verna område enn utanfor verna område

Verneområde er som oftast avgrensa slik at dei skal leggje beslag på minst mogleg areal, og slik at dei mest mogleg avgrensar seg til areal som er lite prega av inngrep. Tilstøytande areal som tidlegare kan ha vore ein viktig funksjonell del av det same våtmarkssystemet har vorte halde utanfor, anten av di det var konfliktfylt å verne, eller at det allereie var nedbygd eller endra i ein grad som gjorde det uønskt å ha med i eit naturreservat.

Våtmarksrestaurering utanfor verneområde har vore mindre aktuelt så langt. Våtmarksrestaurering krev samtykke frå grunneigar og vi er i mindre grad sikra mot at kostnadane som restaurering medfører blir vareteke dersom framtidige eigarar eller andre styresmakter endrar arealbruken på ny. Miljøstyresmaktene arbeider derimot med denne problemstillinga, og tek gjerne imot framlegg til restaureringstiltak.

blomst nærbilete
Du kjenner att ein orkide når den har seks blomsterblad, og flekkmarihand, som du ser på biletet er faktisk Noreg sin mest vanlege orkide. Fleire orkidear treng myr eller anna våtmark. For å ta vare på plantane er det naudsynt å forlate plantane slik dei sto då du kom, ta ikkje anna enn bilete! Av 40 artar med ville orkidear i Noreg er 20 raudlista og 13 er freda. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kjenner du eit våtmarksområde som vi kan "redde" gjennom restaurering?

Sei ifrå til oss dersom d kjenner til eit meir eller mindre skadd eller øydelagt våtmarksområde som du meiner bør kunne restaurerast! Det kan vere ei utfordring at myrrestaurering ofte krev maskinbruk som gjev klimagassutslepp. Vil vi likevel vinne det attende i klimarekneskapet gjennom restaurering? For artane som treng våtmarka vil det uansett vere verd å vurdere.

Medan vi ventar på at våtmarksrestaureringa skal skyte meir fart i Vestland, bør vi hugse regelen om at det er betre å førebyggje enn å reparere. Det gjeld i høg grad også for våtmark. Det viktigaste er å unngå nye skadelege inngrep i myr og anna våtmark, anten dei er store eller små!

Flyfoto frå område i fylket før og no

Sjå tekst under kvart bilete for skildring. 

flyfoto
Utløpet av Jølstra i Førdefjorden, 1965 og 2020 Foto: Fylkesatlas.
flyfoto
Utløpet av Stryneelva i Nordfjord, 1967 og 2020 Foto: Fylkesatlas.
flyfoto
Utløpet av elv i Austrepollen, 1963 og 2019 Foto: Fylkesatlas.
flyfoto
Bøyaøyri i Fjærland, 1972 og 2017 Foto: Fylkeatlas.
flyfoto
Ei låglandsmyr: Kloppemyrane ved Sandane i Nordfjord, 1966 og 2017 (myra kan vere utvikla i eit gammalt elveløp) Foto: Fylkesatlas.
flyfoto
Eit større myrområde i Myklebustdalen i Jølster, 1957 og 2017 Foto: Fylkesatlas.
Flyfoto
Åsane utanfor Bergen frå 1951 og 2022 Foto: Fylkesatlas.
flyfoto
Ferskvassdelta med myr: Gjerlandsøyane i Haukedalen i Sunnfjord, 1964 og 2017 (her ser vi den naturlege dynamikken i eit delta, der elva frå nord har flytta seg austover, og spor av endå eldre elveløp kan skimtast langs stranda av Haukedalsvatnet) Foto: Fylkesatlas.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.