Havnespy kan bli eit stort økologisk og økonomisk problem

Japansk sjøpung, også kjend som havnespy, er i ferd med å etablere seg langs norskekysten. 

Publisert 26.10.2021

Kva er havnespy?

Japansk sjøpung, Didemnum vexillum, er eit kolonidannande kappedyr som lever på sjøbotnen. Den kjem truleg opphavleg frå Japan, men med skipstrafikk har den spreidd seg til tempererte farvatn over store delar av verda. Kallenamnet «havnespy» er direkte oversett frå det engelske namnet “sea vomit”.  Artstdatabanken vurderer den som ein art med “svært høg risiko” grunna stor spreiingsevne og stor økologisk påverknad.

Havnespy er kolonidannande, og «spyet» vi ser er ein slik koloni, dvs. ei samling av mange individ.
Havnespy er kolonidannande, og «spyet» vi ser er ein slik koloni, dvs. ei samling av mange individ. Foto: Rudolf Svensen/MUST.

Koloniane finst typisk på hardbotn og sand/steinbotn, men kan vekse på så å seie alt, som bildekk, fortøyingar, brygger og båtar, og på andre artar, som t.d. skjell. Havnespy veks frå 0 til 60 m djup, og trivst i temperaturar mellom -2 og 24 grader. Den toler noko brakt vatn, men er best tilpassa heilt marine forhold. Arten klarar seg òg fint i periodar med dårleg næringstilgang. 

Det har vore venta at havnespy skulle dukke opp i Noreg, og den første kolonien vart funnen ved Engøyholmen i Stavanger i november 2020. Per januar 2022 er arten funnen på ca. 25 lokalitetar, frå Egersund i sør til Fensfjorden i nord. 

Kvifor er havnespy eit problem? 

Havnespy formeirar seg raskt og kan 11-doble storleiken på koloniar i løpet av to veker. Arten har fleire formeringsmetodar. Det meste av spreiinga skjer truleg ved aseksuell reproduksjon ved kloning og ved at fragment av kolonien losnar. Dyra produserer òg larvar, men desse slår seg oftast ned nært opphavskolonien.

Havnespy har ingen kjende naturlege predatorar i Noreg, og utan slike bestandsregulerande faktorar kan den raskt ta overhand.

Den teppeliknande utbreiinga kveler artar den veks på. Havnespy kan òg få store økonomiske konsekvensar om den etablerer seg i t.d. havneanlegg og oppdrettsanlegg (påvekst på merder, fortøyingar og skjell).

Kan ikkje vi berre fjerne arten? 

Havnespy ser ut til å vere umogleg å fjerne når den først har etablert seg ein stad. New Zealand har prøvd mange ulike tiltak, som tildekking og fysisk fjerning, men koloniane kom raskt tilbake, og tiltaka vart etter kvart så kostbare at ein til slutt gav opp.

Kan vi i det heile tatt gjere noko?

Når havnespy først har etablert seg i eit område, ser det ut til å vere lite ein kan gjere for å bli kvitt arten. Ein må difor konsentrere seg om tiltak som hindrar eller seinkar spreiinga. Det blir arbeidd med å utvikle retningslinjer og tilrådingar for skipstrafikk både i Noreg og internasjonalt, men dette tek tid. For å bremse spreiinga av arten, er det svært viktig at eigarar av båtar og andre innretningar som ligg fortøygde nær kjende koloniar, passar på å halde båt/utstyr reint:

  • gjer deg kjend med om havnespy finst i nærleiken
  • reingjer båten din ofte
  • sjekk at skroget er reint før du tek båten til nye område

Spyling av infiserte båtar eller utstyr vil lett føre til auka spreiing. Merder og utstyr med påslag av havnespy må takast på land og tørkast før reingjering. Infiserte båtar må reingjerast kontrollert (tørrdokk eller fjerning av begroing i sjø med oppsamling).

Havnespy som er fjerna frå båtane/utstyret må ikkje tilbake i sjøen!

Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) har vurdert moglege strakstiltak for å hindre spreiing av havnespy. Rapporten finn du her.

Meld gjerne frå ved mistanke om funn 

Statsforvaltaren har ei koordinerande rolle i arbeidet mot framande artar. Vi vil gjerne ha melding dersom du oppdagar, kjenner til eller har mistanke om førekomstar av havnespy. Du kan òg melde inn funn til Havforskningsinstituttet, på nettsida Dugnad for havet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.