Hamnespy er ein inntrengar som er komen for å bli

Hamnespy har fått fotfeste i Noreg. Den kan skape store problem. Den nordlegaste sikre registreringa er i Florø, men potensialet til meir nordleg spreiing er til stades.  

Publisert 07.09.2023

Denne framandarten finn ein no på fleire lokalitetar i Sør-Noreg. Hamnespy kan skape store problemer for både marin natur og aktørar som har aktivitet i sjø der kor den har etablert seg. Den nordlegaste sikre registreringa er i Florø, men potensialet til meir nordleg spreiing er absolutt til stades. 

Kvifor er hamnespy blitt eit problem? 

Hamnespy, Didemnum vexillum, formeirar seg raskt og kan i starten 11-doble storleiken på koloniar i løpet av to veker. Arten formeirer seg på to måtar. Det meste av spreiinga skjer truleg ved aseksuell reproduksjon ved kloning kor fragment av kolonien losnar eller dryp av (sjå figur 1). Dyra produserer òg larvar, men dette skjer i hovudsak når sjøen held ein temperatur mellom 11 – 20 gradar. Larvane slår seg oftast ned nært opphavskolonien innan eit døgn.

Svart bakgrunn. Bilde tatt under vatn. Viser brune klumpar. Dei brune klumpane er framandarten hamnespy.
Figur 1: I tillegg til produksjon av larver formeirer hamnespy seg også aseksuelt ved at mindre bitar drypp av ein større koloni. Dette kan skje heile året. Foto: Erling Svensen.

Ingen naturlege fiender

Hamnespy har ingen kjende naturlege fiendar i Noreg og med den teppeliknande utbreiinga kveler den artar den veks på (Figur 2). Når det ikkje finst naturlege bestandsregulerande faktorar kan den raskt ta overhand.

To tareblad som er dekka av eit kvitt lag.
Figur 2: Hamnespy kveler det dei veks på. Her har den totalt dekka to tareblad i Karmsundet. Foto: Torbjørn Brekke.

Hamnespy kan dermed skape store økologiske konsekvensar i områder den etablerer seg, men også føre til store økonomiske konsekvensar når den etablerer seg i t.d. hamneanlegg og oppdrettsanlegg (påvekst på merdar, fortøyingar og skjell) (Figur 3 og 4).

Artstdatabanken vurderer den som ein art med “svært høg risiko” grunna stor spreiingsevne og stor økologisk påverknad.

Bilete teke under vatn. Det er sand og steinar på sjøbotnen. Det er noko kvitt som veks på ei teine.
Figur 3: Hamnespy er ukritisk til kva den veks på. Her har den dekka store deler av ei teine på sjøbotnen. Foto: Ole Christian Meldahl.

Kva er hamnespy?

Hamnespy er eit kolonidannande sekkedyr som lever på sjøbotnen. Den kjem truleg opphavleg frå Japan, men med skipstrafikk har den spreidd seg til tempererte farvatn over store delar av verda. Kallenamnet «hamnespy» er direkte oversett frå det engelske namnet “sea vomit”. 

Koloniane finst typisk på hardbotn og sand/steinbotn, men kan vekse på så å seie alt, som bildekk, fortøyingar, brygger og båtar, og på andre artar, som t.d. stortare og skjell (Figur 3). Hamnespy kan leve frå 0 til omtrent 65 m djup, og trivst i temperaturar mellom -2 og 24 grader. I Noreg har ein sett at den ikkje ser ut til å trivast djupare enn 30 meter, men det vil ikkje seie at den ikkje kan vekse der. Den toler noko brakkvatn, men er best tilpassa heilt marine forhold. Arten klarar seg òg fint i periodar med dårleg næringstilgang.

Kamskjel som er overgrodd med eit gråleg lag.
Figur 4: Eit kamskjel som er overgrodd av hamnespy. Foto: Vivian Husa / Havforskningsinstituttet.

Vanleg å forveksle med arten "brødsvamp"

Hamnespy kan forvekslast med andre kolonidannande sekkedyr, men den arten som liknar mest i norsk marin fauna er "brødsvamp" Halichondria panicea (Figur 5). Hamnespy har masse små stjerneforma "porer" kor kvar stjerne tilhøyrer eit individ. Kolonien er gjerne sett saman av opp til tusenvis av slike individ og dei deler nokre større hol som fungerer som eit slags kloakksystem (Figur 6). Hos brødsvampen er ikkje dei små hola stjerneforma og dei større hola sit på toppen av "vulkanar" som er plassert meir regelmessig enn hos hamnespy. I tillegg luktar brødsvamp krutt. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å skilje desse artane frå kvarandre på bilete eller film, sjølv for fagfolk, så spør viss du er usikker. Ta gjerne ei prøve til ein fagperson som kan bekrefte funnet. 

Bilde av noko gult som veks i sjøen.
Figur 5: Bilete av korleis brødsvamp kan sjå ut. Dei store hola sit meir på linje enn hos hamnespy kor desse hola er meir tilfeldig plassert. Foto: Erling Svensen.

Kartlegging

Eit større tema i arbeidet med hamnespy i dag er kartlegging ved bruk av miljøDNA. Positive prøver blir følgt opp med visuell verifikasjon. Vi treng å få oversikt over kor utbreidd arten er i Noreg, kor dei råka lokalitetane finst og kva aktivitet som finst der. Då kan ein gjere betre vurderingar av kva tiltak som må setjast i verk for å hindre vidare spreiing.

Bilete av noko brunt som veks i sjøen på svart bakgrunn.
Figur 6: Hamnespy har større hol plassert meir tilfeldig enn hos brødsvamp. Foto: Anne Marie With Ottesen / Anne Marie With Ottesen.

Kor finn vi hamnespy i Noreg?

Det var venta at hamnespy skulle dukke opp i Noreg, og den første kolonien vart funnen ved Engøyholmen i Stavanger i november 2020. Per august 2023 er arten funnen på fleire lokalitetar frå Egersund i sør til Florø i nord. Men kartlegging pågår og det er forventa at den finst fleire stadar. Kartlegging ved bruk av miljøDNA har gitt positive prøver så langt som til Måløy, men denne er ikkje bekrefta i skrivande stund. Sjå rapport frå NIVA for meir informasjon om denne kartlegginga og kart som viser kor positive prøver er tatt.

Havforskningsinstituttet har også gjennomført ei større kartlegging i Bergen på oppdrag frå Bergen kommune. Resultata frå denne kartlegginga er snart klar.

Hittil er dei fleste koloniane funne i hamnar og liknande med større aktivitet. Utbreiing per dags dato med bekrefta funn kan sjåast i Artsdatabankens kartløysing «Artskart» (Figur 7).

Kart over Sør-Noreg som viser nokre svarte prikkar langs kysten.
Figur 7: Utsnitt frå Artskart som viser visuelt bekrefta funn av hamnespy. Foto: Kart henta frå Artskart / Artsdatabasen.

Begroing på skip

Det finst ikkje eit bindande regelverk for kontroll og handtering av problematikken rundt overføring av skadelege organismar frå begroing på skip per i dag. I dag er desse retningslinjene frivillige. Men arbeid går føre seg med å utvikle retningslinjer og tilrådingar for dette, både i Noreg og internasjonalt, men det tek tid. Les meir på Sjøfartsdirektoratets heimesider.

Korleis bremse spreiinga?

Hamnespy ser ut til å vere umogleg å fjerne når den først har etablert seg ein stad. Fordi arten er så vanskeleg å bli kvitt må ein konsentrere seg om tiltak som hindrar eller seinkar spreiinga.

For å bremse spreiinga av arten, er det svært viktig at aktørar med aktivitet i sjø gjer gode risikovurderingar opp mot eigen aktivitet. Infiserte båtar/skip og riggar må reingjerast kontrollert, anten i tørrdokk eller med mekanisk fjerning av begroing med oppsamling. Høgtrykkspyling av infisert område i eller over sjø skal ikkje førekomme.

Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) fekk i oppdrag frå Miljødirektoratet å vurdere moglege strakstiltak for å hindre spreiing av hamnespy. Rapporten frå 2022 finn du her.

VKM gav så ut ein oppfølgande rapport i 2023 med ei meir utfyllande risikovurdering av situasjonen i Noreg. Rapporten er på engelsk og du finn den her.

Oppsummering av nokre tiltak

Tiltak er omtalt i VKM sin rapport om strakstiltak i meir detalj, men her har vi ei kort oppsummering av nokre av tiltaka dei anbefaler:

  • Vask med oppsamling: her må ein ha filter med porestørrelse på 100µm og ev. UV stråling av vatnet før tilbakeføring til sjø.
  • Vask der avløpsvatnet renner ned i grus, sand eller gras.
  • Lufttørking i 1 veke.
  • Innpakking i lufttett plast i 1 veke.
  • Behandling med 5% eddiksyre i saltvatn. Her må hamnespyen pakkast inn.

Aktsomheitsplikta

Vi minner om at alle har ei plikt til å hindre utilsikta spreiing av framande organismar som kan medføre uheldige følger for det biologiske mangfaldet jf. forskrift om framande organismar § 18, del 1.

Meld frå ved mistanke om funn 

Statsforvaltaren har ei samordningsrolle i arbeidet mot framande artar. Vi vil gjerne ha melding dersom du oppdagar, kjenner til eller har mistanke om førekomstar av hamnespy. Du kan òg melde inn funn til Havforskningsinstituttet, på nettsida Dugnad for havet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Til eigarar av fritidsbåtar

Gjer deg kjent med om hamnespy er påvist i nærleiken av området der du har båten din liggande i lengre periodar. Om det er tilfelle så sjekk om båten har fått det på seg. Det er viktig å gjere skroget reint for hamnespy før ein tek båten til nye områder.

Antifouling på skroget etter reingjering har vist seg å vere eit godt tiltak for å hindre spreiing. 

Om fjerning av hamnespy

Ein skal ikkje spyle/reingjere groe med hamnespy over eller i sjøen. 

Hamnespy som er fjerna frå båtane/utstyret må ikkje tilbake i sjøen.

    • La det tørke i 7 dagar i luft
    • Legg eventuelt infisert utstyr i ferskvatn i 6 timar
    • Spyl på land og sørg for at vatn ikkje renn tilbake til sjøen utan tilstrekkeleg filtrering