Endra løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved gnr./bnr. 32/44 ved Toloholmen i Kvam herad

Statsforvaltaren endra 17. april 2026 Norheimsund Trelasthandel AS sitt løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø. Formålet med tiltaket er å førebu ei framtidig utvikling av eigedomen 32/44 i Kvam herad for bustadføremål.

 

 

Publisert 20.04.2026

Endringane gjeld for etappe 2 av utfyllingsarbeida og gjer fritak for bruk av siltgardin og mindre endringar i tidsavgrensning for anleggsarbeida. 

Løyve med vilkår ligg til høgre på denne sida.
Løyvet ligg også på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser, kan klage på vedtaket innan fire veker. Klaga skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klaga vidare til Miljødirektoratet. Merk klaga med referansenummeret 2023/18641

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar