Overvaking av miljøtilhøva i kystvatn

Matfiskanlegg i sjø med industripiper i bakgrunnen
Det er mange kjelder til utslepp som vi vil overvake den samla effekten av i sjøområda våre. I dei påbyrja overvakingsprogramma prøver vi å få eit heilskapleg bilete av den samla belastninga i sjøområde med mange forskjellige typar utslepp. Dette kan vere frå mellom anna industri, avløp, matfiskproduksjon og kompostering av organisk materiale. Foto: Tom N. Pedersen / Statsforvaltaren i Vestland.

Toler kysten utsleppa våre? I dag har vi fire overvakingsprogram gåande i Vestland fylke. Det er i Hardangerfjorden, Fensfjorden og i sjøområda rundt Florø og Måløy.

Publisert 22.02.2023

Statsforvaltaren er miljøfagleg ansvarleg

Statsforvaltaren har eit miljøfagleg ansvar for å sørge for at kunnskapsgrunnlaget i databasen Vann-Nett er så godt som mogleg ut i frå den kunnskap og dei data vi har tilgjengeleg. I tillegg skal vi legge til rette for, og koordinere tiltaksretta overvaking i heile fylket.

Kvifor overvakar vi?

Overvakingsprogramma skal sikre ei heilskapleg overvaking av tilstanden til kystvassførekomstane i Vestland, jf. vassforskrifta § 18. Desse overvakingsprogramma skal blant anna kartleggje korleis kysten toler den samla belastninga i område med mykje utslepp.

Overvakingsnettverket skal gi ei samanhengande og omfattande oversikt over den økologiske og kjemiske tilstanden i Vestland, og skal gjere det mogleg å klassifisere vassførekomstane.

Miljømålet

Det er eit absolutt krav at der miljøtilstanden ikkje er god i dag, skal det ved tiltaksgjennomføring bli god miljøtilstand innan 2027, som er slutten på den vassforvaltningsperioden vi er i no (2022 – 2027). I nokre få tilfelle er det gitt utsett frist der ein ser at effekten av tiltaket ikkje vil kunne målast innan fristen.

Raude naust i fjæresteinane.
Målet med vassforvaltning er berekraftig bruk av vassførekomstane våre. Det gjeld uansett om det er ein liten bekk, eit vatn, ein fjordarm eller som her i Solund. Foto: Toril M. Mulen / Statsforvaltaren i Vestland.

Kva undersøker vi?

Dei parametrane det vert målt på i desse overvakingsprogramma er miljøgifter, blautbotnsfauna og klorofyll a med støtteparameter næringssalt i vassmassane. Desse parametrane bidrar til klassifisering av vassførekomstane. I tillegg blir det tatt hydrografiske prøver til botn for å sjå på oksygentilhøve. For å få ei full klassifisering av dei fysisk-kjemiske kvalitetselementa og planteplankton i dei øvre vassmassane, må overvakinga gå føre seg i minst 3 år. Sedimentprøvetakinga (miljøgifter og botnfauna) blir gjort ein gong.

bilde av lita skuffe/grabb som vert brukt til å hente opp prøver av sjøbotnen
Her er ein konsulent i gang med å hente opp sedimentprøve frå sjøbotnen med grabb. Konsulenten tek kjemiske målingar i sedimentprøva før vidare behandling. Ei slik grabbprøve kan bli brukt til å undersøke organisk belastning på botnen ved å sjå på artssamansetnaden av dyr i prøva, eller det kan hende dei skal ta ei prøve for å sende til laboratoriet for kjemisk analyse der miljøgifter blir identifisert og målt. Foto: Rådgivende Biologer AS.

Kvifor er det viktig å undersøke akkurat desse parametrane?

Utslepp av til dømes miljøgifter kan akkumulere seg i naturmiljøet, så sjølv om utsleppa er låge kan dei ha ein effekt på resipienten over tid. Derfor er det viktig å sjekke om stoffet har spreidd seg utover det området som vi kallar «nærsona».

blankt kar der ein spyler med vatn på steinar/sedimentprøve
Finsediment frå grabbprøva vert spylt vekk for å få skilt ut dyr. Samansetnaden av dyr i botnsediment kan seie noko om den organiske belastninga på fjordbotnen. Foto: Rådgivende Biologer AS .

Næringssalt, som kjem frå blant anna avløp, landbruksavrenning og fiskeoppdrett, blandar seg i vassmassane og blir brukt opp ved optimale forhold. Men med dagens klimautfordringar i tillegg og om utsleppa går til ein resipient med dårlege straumforhold og vassutskiftinga i fjorden er dårleg så kan det føre til problem med eutrofiering og oksygensvikt i botnvatnet. For mykje næringstilførsel til botn kan også føre til svikt i naturtilstanden for dyra som lever der.

Samla belastning

Verksemder med utsleppsløyve eller som er forskriftsregulert med eit utslepp av ein viss mengde, skal vite korleis deira utslepp har verka på vassførekomsten dei har utslepp til over tid. Nokre verksemder har overvaka i lang tid, mens andre ikkje har hatt krav om dette tidlegare men vil få det no i tida framover. I tillegg har alle fått eller vil få krav om å delta på større overvakingsprogram for fjordsystemet dei har utslepp til.

Kunnskapsgrunnlaget som ligg i Vann-Nett databasen kan i nokre områder vere ganske bra grunna kravet om overvaking kvar verksemd har fått. Men, viss ein løftar blikket og ser på større områder utover ein vassførekomst så kan ein sjå at datagrunnlaget gir eit fragmentert bilete og der finst lite data som reflekterer resipienten eller fjordsystemet som eit heile. Det er denne oversikten overvakingsprogramma skal fange opp.

Kven betalar for overvakinga?

Denne type overvaking er lagt opp som eit spleiselag mellom industri, kommunar og stat. Industrien blir pålagt å bli med, mens kommunane kan bli med på frivillig grunnlag. Så langt har både kommunane, industrien og oppdrettsnæringa vore positive til å delta på ei slik overvaking for å undersøke den samla belastninga i det området dei held til og har utslepp til. Eit slikt overblikk på tilstanden i dei lokale fjordsystema vil gagne alle ved at eit godt kunnskapsgrunnlag betrar anledninga til å ta kvalifiserte og gode avgjerder med tanke på til dømes krav i løyver. Det er viktig også for kommunen og andre si planlegging av ny aktivitet.

Statsforvaltaren bruker tildelte overvakingsmidlar for å finansiere opp til 50% av den totale kostnaden av dei felles overvakingsprogramma. Kor mange vi kan starte opp av desse programma vil avhenge av størrelsen på den årlege tildelinga.

Kvar overvaker vi?

I dag har vi fire overvakingsprogram gåande i Vestland fylke. Det er i Hardangerfjorden, Fensfjorden, og i sjøområda rundt Florø og Måløy. I tillegg held vi på å utarbeide eit stasjonsnett for heile resten av kysten. Dette vil vi bruke inn mot enten større spleiselag som i dei pågåande programma eller igangsette mindre spleiselag med eit utval av verksemder eller kommunar der kor vi kan finne ein overlapp i områder som skal undersøkast. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.