Biogass- og biorestsituasjonen i Vestland krev betre regelverk

tre personar i gule refleksvestar med hjelm på eit industriområde
Å levere organiske avfallsfraksjonar til biogassanlegg er ein god måte å ta hand om avfallet på. I eit biogassanlegg blir det produsert verdifull gass. Vi må sørge for at næringsstoffa i gjødsla som blir produsert ved biogassanlegga får nyttig og reell bruk. Foto: Toril M Mulen / Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren ber Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet om snarleg avklaring på korleis vi skal forvalte aktuelle lovverk i samband med at vi no får fleire søknadar om etablering av store biogassanlegg i Vestland fylke. 

Publisert 03.11.2023

Iverksetting av nytt lovverk gjer at meir organisk avfall vil bli samla inn framover. Vassforskrifta og kravet om gjenvinning av organisk avfall i avfallsforskrifta utfordrar oss til å finne nye løysingar. 

Å levere organiske avfallsfraksjonar til biogassanlegg er ein god måte å ta hand om avfallet på. I biogassanlegg blir det produsert verdifull gass. Vi må sørge for at næringsstoffa (nitrogen og fosfor) i gjødsla som blir produsert ved biogassanlegga får nyttig og reell bruk. 

I Vestland er det ikkje plass til alt fosforet frå biogassanlegga som no er under planlegging når det i tillegg skal nyttast både matavfall og avfall frå blå sektor. Deler av bioresten må difor transporterast ut av fylket og gjerne tilbake til kornjorda. 

Vi meiner at det er viktig å få på plass eit omsetningskrav for resirkulert fosfor så fort som mogleg. Eit slikt krav vil bidra til at lønsemda ved omsetning av resirkulert fosfor aukar, og vil også bidra til ein ny giv i produktutviklinga av resirkulerte gjødselvarer.

Sjå vedlagte brev vi sender til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.