Stimuleringstilskot til kommunale veterinærtenester 2026
Veterinærdistrikt og kommunar i Vestland kan no søkje om stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2026. Søknadsfristen er 6. mars.
Stortinget har løyvd 48 millionar kroner i stimuleringstilskot for 2026. Løyvinga til Vestland fylke er kr 8 865 000. Statsforvaltaren i Vestland gjer vedtak om tildeling av midlane etter handsaming av søknadar frå kommunar eller vaktdistrikt i tråd med føringar frå Landbruksdirektoratet.
Føremål med ordninga
Føremålet med ordninga er å bidra til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område på dagtid, innan ordinær arbeidstid.
Kven kan søkje?
Alle kommunar og vaktdistrikt i Vestland kan søkje om midlar til tiltak. Det er administrasjons- kommunen som søker på vegne av vaktdistriktet om heile vaktdistriktet søker saman.
Søknad og rapport i Altinn
Kommunen søkjer og rapporterer på elektronisk skjema i Altinn. Frist for dette er sett til 6. mars.
Ved søknad og rapportering skal kommunen skildre kva tiltak dei vil prioritere i 2026, og korleis tildelte midlar er nytta i 2025.
Føringar og prioriteringar
Statsforvaltaren prioriterer stimuleringstilskot til:
- Kommunar med dårleg næringsgrunnlag for veterinærar
- Kommunar med lågt dyretal og krevjande infrastruktur
- Der stimuleringstiltaket er hensiktsmessig for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell
- Kommunar som har vanskar med å rekruttere og behalde veterinærar, og som har hensiktsmessige tiltak som vil betra dette.
Krav om vaktdeltaking
Kommunen kan sette krav om vaktdeltaking utanom ordinær arbeidstid for at veterinærane skal kunne motta stimuleringstilskot. Hensikten er å bidra til å sikre tilfredstillande tilgang av tenester på dyrehelsepersonell på dagtid. Kommunen skal rapportere særskilt om dette i den årlege rapporteringa.
Vi viser til utfyllande informasjon i rettleiaren på Landbruksdirektoratet sin nettstad.