Skogsamling for Vestland fylke

Skogfaglege diskusjonar på Voss
Skogfaglege diskusjonar på Voss Foto: Torleiv Skage / Statsforvaltaren i Vestland.

 Å drøfte og diskutere skogfaget ut i felt, og ikkje berre på Teams, vart ei etterlengta oppleving for deltakarane på skogsamling på Voss i april.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.05.2022

Statsforvaltaren i Vestland inviterte for første gong på tre år til skogsamling på Voss 21-22. april 2022. Der deltok kommunale skogansvarlege, Kystskogbruket, NIBIO, treindustrien, skogsvegplanleggarar, to skogselskap, Nortømmer, AT Skog og Fjordtømmer, Landbruksdirektoratet og Landbruks- og Miljødepartementet, i tillegg til representantar frå Statsforvaltaren innan både skogbruk og miljø.

Praktiske øvingar i eit plantefelt
Praktiske øvingar i eit plantefelt Foto: Torleiv Skage / Statsforvaltaren i Vestland.

Den breie deltakinga viste at interessa for skogforvaltning er stor i fylket, og at mange såg det som viktig å få ein fagleg oppdatering og ikkje minst personleg kjennskap til dei ulike aktørane.  I tillegg til å vere ein engasjert møtelyd, viste alle stor innsatsvilje dag to, der det var øving i resultatkartlegging og synfaring i eit potensielt vernskogområde. Vi takkar spesielt heradsskogmeister Bjørn Hystad for hjelp med det praktiske arrangementet, men og alle foredragshaldarar og deltakarar som gjorde samlinga til kanskje den viktigaste skogfaglege møtearenaen i fylket vårt.

Vedlagt ligg dei faglege innlegga frå samlinga. Statsforvaltaren vil med dette takke for innsatsen under arrangementet, og rå til at de ser gjennom dei faglege innlegga. Dei er kjelder både til inspirasjon og kunnskap. Vi set stor pris på at de vidareformidlar kunnskapen, og kom gjerne med innspel til kommande samlingar.

Dette er føredraga på samlinga:

  1. Å ha eit tydeleg oppdrag - Heidi Finstad, Treindustrien
  2. Å vere motivert - Camilla Bersvendsen, Kystskogbruket
  3. Å forvalte skogen aktivt - Rune Hedegart, Kystskogbruket
  4. Kommunane si rolle - Ivar Ekanger, Landbruks- og matdepartementet
  5. Planlegging, sakshandsaming og oppfølging av skogsvegbygging - Torkel Hofseth, Statsforvaltaren i Vestland
  6. Frå første drøfting med grunneigarar til vegvedlikehaldskontroll - Ruben Bøtun, Skogselskapet i Sogn og Fjordane
  7. Fellesløysingar i skogbruket, utfordringar og mogelegheiter - Ove Frotvedt, FanAgro
  8. Hovudplan for skogsvegar - Anders Gjøstein, Voss herad
  9. Gjenbruk av massar til skogsvegbygging - Kjetil André Rødland, Bergen kommune
  10. Korleis taklar vi utfordringane med manglande planting? - Gro Kampp Hansen og Torgrim Østgård, Statsforvaltaren i Vestland
  11. Marte Storebø, Nortømmer (inkl. i føredrag nr.10)
  12. Oddbjørn Sellevoll, Sunnfjord kommune (inkl. i føredrag nr.10)
  13. Resultatkontroll fortel om manglande planting etter hogst og planteavgang. Kva er stoda i Vestland? – Torgrim Østgård
  14. Korleis skal vi halde oppe skogproduksjonen på Vestlandet? Kva finst av ulike alternativ i forynginga? – Inger Dundheim Fløistad, NIBIO
  15. Bjørnafjorden kommune prøver ut ny NMSK-strategi – kvifor og korleis? – Simon Wolff, Bjørnafjorden kommune
  16. Vern mot naturfarar - skogen og kommunen si rolle – Rune Nordrum, Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.