Kontrollarbeid i skogen

Forynging av skog er viktig for å sikre berekraftig forvaltning av skogressursane, og er eit av dei viktigaste tiltaka skogeigar gjer. Manglande forynging gir tapt produksjon, kvalitet og inntekt.

Publisert 24.03.2021

Kontrollarbeidet i skogen inkluderer både resultatkartlegging og foryngingskontroll. Rapporteringa gir oss grunnlag for å vurdere om regelverk og verkemiddel i skogpolitikken fungerer. Mellom anna gir forskrift om berekraftig skogbruk retningslinjer for å ta omsyn til biologisk mangfald, kulturminne, landskap og friluftsliv.

Informasjon om ordningane er sendt alle kommunane i Vestland, og fristen for rapportering er 31. desember 2021.